Eg vil byrje dette blogginnlegget med å dele mine knustneriske evner. I går skreiv eg nemleg bursdagskort til Stine, og då skulle eg lage ein slags rebus om kva ho skulle få til bursdagen. Her er teikninga:
Premie til den som klarar å gjette kva ho fekk. Eg slår på stortromma og skal faktisk hekle eit panneband til den som gjettar riktig! Så kommenter i veg. Stine har ikkje lov til å delta, for ho veit det jo allereie.
Eg sit og lurar litt om dagane kvifor eg eigentleg har gledd meg så mykje til sumarferie. Vi har i alle fall ikkje sumarvêr. I dag då eg var ute og sprang var det faktisk like før eg drukna. Og bana var så oversvømt at eg følte at eg sprang i ei bane som dei av og til gjer på friidrett, sånn med hekkar og vatn, berre at det var vatn heile vegen og at eg ikkje hadde hekkar. Anyway, så klarte eg å pådra meg denne springe-i-regnet-floka:
Oh yes, det er ein einaste stor floke. Det tok si tid å få løyst opp den. Så lang tid at eg ikkje rakk å lage meg dessert etter middag. Det er nedtur. Og for dei som skulle lure, så har eg på ingen måte deltatt på Stoltzekleiven opp. Ja, eg har meldt meg på litt ymse i år av sportslege arrangement, men det får vere måte på. Eg kjøpte gensaren på Löplabbet uvitande om kva som vart trykt på, men for all del, det er berre kjekt at folk trur at eg har sprunge opp på ei kjempetid. Ein må nemleg springe under ei viss tid for å få ein sånn genser. Når eg tenkjer meg om så veit eg ikkje kvar Stoltzekleiven er ein gong. Det må eg finne ut.
Eit anna teikn på at sommarferien ikkje er den heilt store eventen i året, er at eg sit og gler meg til å byrje å lese pensumlitteraturen for 3.året. Eg gler meg faktisk til å sitje på lesesalen igjen. Men dette er vel kanskje sånn informasjon ein eigentleg skal halde for seg sjølv? Jaja, no er det ute, og de får heller bruke det mot meg når eg byrjar å klage om at eg er så lei av å lese.
Og viss du skulle ha gløymt det no, så må du hugse å tippe på teiknekonkurransen! Heia, heia!
onsdag 29. juni 2011
tirsdag 28. juni 2011
Husmorbloggen
På mange bloggar kan ein lese om ulike bakeoppskrifter, strikkeoppskrifter, hekleoppskrifter, tips og triks om vasking i heimen og liknande. Eg tenkte på det her om dagen, at kanskje eg skulle gjere noko liknande? Eg er jo trass alt særs oppegåande på alle desse områda, og er tvers gjennom eit perfekt kåneemne.
Så lat oss setje i gang med kjøkenavdelinga av husmorbloggen. Dagens tema er filetering av fisk. Det har eg nemleg gjort i dag. Vi hadde ein del fisk på jobb som var øydelagt (som eg likar å kalle det), så eg fekk øve meg så mykje eg ville på dei. Med det sagt, så er det berre for deg å setje deg godt tilbake i stolen og nyte synet av min første fileterte ørret:
Den var faktisk heilt perfekt, men så kom det tilfeldigvis ein katt som byrja å klore og bite på den. Veldig synd, det. Så eg prøvde meg på ein ny ein:
Den vart eg faktisk ganske godt nøgd med. Her prøvde eg meg på ein laks:
Og no lurar du kanskje på: Korleis i all verda klarte du dette? Korleis fileterar ein fisk? For å sei det sånn, viss du veit det, så gje meg gjerne ein lyd. Eg prøvde meg berre fram, og gjorde det sikkert heilt feil. De får søke på youtube. Det einaste rådet er har er å bruke god tid. Først prøvde eg å gjere det i same tempo som dei gjer på fiskefabrikkar. Det slo ikkje heilt an.
Neste blogginnlegg skal handle om korleis ein kan sy nokre flotte sumargardiner til kjøkenet. Nei, men herlighet, kven er det eg prøvar å lure? Eg har jo ikkje symaskinsertifikatet ein gong! Sukk. Eg trur eg legg husmorbloggen død.
Men... Ellers så har Stine bursdag i dag! Hipp hipp hurra!
Og Kristoffer gler seg så mykje til den siste Harry Potter-filmen at han har anlagt Harry Potter-arr i panna. Nydeleg!
Eg, for min del, sit og ventar på middag, og har lyst på Ben&Jerry's.

Foto: Ingebjørg Madland
Eg, for min del, sit og ventar på middag, og har lyst på Ben&Jerry's.
søndag 26. juni 2011
Høneåtak
Prislappemaskina har forsvunne, og med dette er den gøyaste arbeidsoppgåva av alle vekke - nemleg datosjekk og nedprising. Eg håpar den kjem på plass igjen. Eg satsar på at den ligg på sin respektive plass når eg kjem på jobb igjen i morgon.
I dag var det plutseleg fint vêr her heime. Kven skulle tru? Til no har det vore regn og nesten minusgrader, men i dag snudde det. Det førte til at eg trudde eg skulle døy av dehydrering på joggeturen min, men eg overlevde. Eg vart springande og tenkje på alle dei fysiologiske greiene som skjer når ein misser væske, og kom fram til at eg hadde gløymt mykje av fysiologien eg lærte i fjor. I tillegg til for lite væskeinntak gjorde eg det heilt store ved å jogge til Radøy, som er kjent som den grøne øya. Radøy og pollenallergi er med andre ord ikkje den beste kombinasjonen. Men alt i alt var det ein fin tur, og eg kjenner at halvmaraton, det er faktisk noko for meg!
I går sto eg på jobb og ana fred og ingen fare i min flotte speidaruniform. Berre sjå her:
Men plutseleg, ut av ingen ting, så landa det ei høne på hovudet mitt. Berre sjå her:
Eg klarte å lausrive meg frå den, trass det kraftige taket den hadde rundt kinna mine, og kunne gå attende til arbeidet igjen. Flaks.
Utanom å jobbe og å springe, så har eg fått ein ny hobby - å sjekke vêret på yr.no. Familien BjørkeHarnesAsdahl skal nemleg til Balestrand på fredag. Eg er sjuk av lengsel etter å få reise til Balestrand igjen. Vakrare bygd finn du ikkje. Ever. Og det ser faktisk bra ut med vêret, så då blir det nok ein kjempetur. Raudmelen here I come!
Eg sleng med eit bilete frå Balestrand. Dette er riktig nok på vinteren, men Balestrand er Balestrand. Dette er frå siste vinteren vi budde der alle saman (eg har budd der 4 år i ettertid), og det er altså mamma, Åshild og eg som står utanfor rektorboligen. Good times and very nice termodressar! Enjoy.

fredag 24. juni 2011
3 ting
For ekstrovert person med master i internatliv er det ikkje alltid like enkelt å ha sumarferie. Det er fort gjort å gå tom for idear om kva ein kan finne på, for deretter å hamne i ein evig tiltakslausheit. Der har eg forsåvidt allereie gjort. Berre sjå her:
Men saka er den at i dag så fann eg faktisk på heile TRE ting å gjere. I går fann eg på hmm.. Eg hugsar ikkje kva eg gjorde i går. Jo. Eg sprang og var i byn med mamma, tante og Silja, og kjøpte meg kjole på Oasis på 50% avslag. Det kan vi like. Men attende til mine tre ting.
For det første var eg hjå frisøren. Eg bleika heile håret med foliestriper. Det har eg aldri gjort før. Det vart fint, og no luktar håret mitt godt. Det vart så fint at eg droppa å springe i dag, sånn at eg ikkje måtte dusje ut den gode lukta. Tar det igjen i morgon.
For det andre var eg på Kiwi. Der saumfarte eg hyllene etter varer som var utgått på dato. Biletet over illustrerar denne aktiviteten. Eg leita minst ein halv time, men fann ingen ting. Dei er alt for flinke på Kiwi. Alt var nytt og fint. Eg hadde på meg fri flyt-gensaren til ære for Kiwi. Evt for å blende inn sånn at ikkje folk skulle leggje så mykje merke til at eg sjekka datoane på samtlege varer i godterihyllene. Gjett om eg hadde blitt yndlingstanta viss eg kom heim med ein kasse godteri. Men den gang ei. Då vart eg litt sur. Sånn:
For det tredje har eg hengt med Stine. Vi prata om alt mellom himmel og jord, og var lykkelege i kvarandre sitt selskap, så då vart eg glad igjen. Eg er heldig som har ho.
Eg fann forresten ut då eg var på Kiwi at det var St. Hans. Men det har eg aldri feira, så eg fann ut at det var best å berre la dagen passere i stillheit i år òg. Kan ikkje finne på alt for mykje nytt i ein alder av 22.

tirsdag 21. juni 2011
Autoritet
Sumarjobben på Safari har blitt tatt til ein ny dimensjon. Eg har fått tildelt makt og autoritet. Eg kan no bruke prislappemaskinen. Den ser om lag sånn ut:
Og med denne i handa har eg makt til å setje varer ned i pris som er i ferd med å gå ut på dato. Eg har sjølv stor tru på at eg har god forretningssans, sidan eg er halvt sunnmøring, og eg kjem til å halde fram med å prise ned heilt til sjefen seier at eg ikkje får lov. Det er fantastisk kjekt å gå og leite i hyllene etter varer som ligg for døden, for deretter å vurdere kor mykje eg kan setje den ned i pris. Då må eg vurdere kva den kostar frå før av, kor mange dagar det er til den går ut, kor mange det er igjen av varen, og prøve å justere prisen i forhold til dette. Det er beinhard kalkulering, og det er ingen tilfeldigheit om varen ender opp med å koste 14,90 i staden for 19,90. Alt er nøye gjennomtenkt. I dag var eg faktisk på jobb ei halv time ekstra, berre for å leite etter varer og for å gå amok med pistolen (altså prislappemaskina). Eg skal nemleg ikkje på jobb i morgon, og følte at ansvaret låg på meg. Pluss at det er frykteleg kjekt.
Eg har byrja å innsjå at eg er ein nerd når det kjem til duppedittar, eller gadgets, som det heiter på godt norsk. Døme: Kvar gong eg skal ut og jogge er det obligatorisk for meg å ha med både pulsklokke, pulsbelte, og nike+ sensoren som registerar kor langt og kor fort eg spring. Og når økta er ferdig, frydar eg meg over at eg kan halde statistikk over det eg har gjort, og måle framgang (evt tilbakegang). Indre motivasjon er oppskrytt.
I dag på jobb kom det ein kunde som ikkje visste kva eit hekto var for noko. Då visste eg ikkje om eg skulle le eller grine. Men han/ho fekk til slutt tre hekto med mat av eit eller anna slag, og klarte seg heilt fint i verda heilt til han/ho skulle varme den i mikrobølgjeomnen (min store fiende som eg snakka om i førre innlegg). For det første fann han/ho den ikkje, og for den andre klarte han/ho ikkje å slå den på. Enda eit prov på at skulen eller samfunnet eller politikarane eller foreldre etc etc rundt omkring har ein jobb å gjere. Eg tok min del av jobben ved å lære han/ho å bruke mikrobølgjeomnen. Eg er dreven på det nemleg.
Og visste du at det kan vere sol om sommaren på Vestlandet òg? Det var det i dag. Eg skulle eigentleg trene, men fann ut at det var nok best å sole seg i staden for. Treningsforsøket var i tillegg ein komplett fiasko. Eg skulle nemleg prøve meg på noko nytt og spanande, nemleg Zumba. Det går nemleg gjetord om denne treningsformen, og reklamen eg såg på tv-shop i fjor gjorde meg heilt bergtatt. Så i dag skulle eg ta fatt på dette. Eg klarte ikkje ein gong det første "danse"trinnet (som var eit MINIMUM viss ein skulle klare resten) og eg hadde aldri i verda klart det uansett kor mykje eg hadde prøvd, så eg gav opp, heiv av meg kleda og la meg strak på terrassen. Det var mykje betre.
Eit bilete må eg ha med, så eg gir dykk med dette gleda av å få eit innblikk i kva eg gjorde 1. påskedag for tre år sidan. Då sat eg nemleg på taket på Fjellhaug, drakk sjokomelk og las i Bibelen. Eg koste meg glugg. Grunnen til at eg legg det ved, er fordi eg saknar Oslo litt for tida. Eg har lyst til å ha fri og sykle på bysykkel i timesvis. Men det kan eg gjere ein annan gong.

No skal eg sitje og vente på at det er kveld, for i kveld skal eg rangle. Rangling er eit privelegium, og eg gjer det så ofte som eg kan. Ingen ting er som å gå i halvsvime ned på badet, pusse tenna og hive seg i senga, vel vitande om at ein har brukt alt for mange timar på å gjere ingen ting. Sidan eg var så pliktoppfyllande på Sygna, og kronisk trøytt på Fjellhaug, har eg mange timar rangling å ta igjen. Eg gnir meg i henda og smiler lurt ved tanken på dette. Til slutt eit bilete av Gunhild, som skal bli min nye roomie til hausten. Eg gler meg til å rangle med ho.
mandag 20. juni 2011
Fryseboksfedme
Først av alt: ENDELEG kan eg sove etter å ha vore vaken i FIRE DØGN for å sjå på Hurtigruta. Eg hadde meg berre ein liten powernap før reprisen. Så no blir eg sitjande i fire døgn til. Time well spent! Nei, eg har ikkje det altså. Eg klarar ikkje ein gong å vere vaken 24 timar. Men eg ser faktisk på reprisen no, og no hyllar kystvakta Hurtigruta ved å sprute vatn på den til Espen Lind og "When Susanna cries". Rørande.
Årets sommarjobb hadde kick off i dag, med ein roleg dag på Safari, der alt var som vanleg. Røykt blåkveite luktar kjempegodt, medan resten luktar akkurat det same og ikkje fullt så godt. Det er glatt på golvet 24/7, og eg trippar rundt som ein pingvin og håpar på å overelve turen frå kjøttdisken til fiskedisken. Eg er i live, men er glad for at eg ikkje skal jobbe der til evig tid. Eg har faktisk sagt opp, og skal byrje eit nytt og betre arbeidsliv utan fiskelukt. Veit ikkje kva, veit ikkje kvar, men det blir nok bra. Men først: 3-4 veker med intens jobbing. Tenk på pengane, TENK PÅ PENGANE!
Herliget, eg skulle ha vore skåna for meg sjølv i tidene rundt middagskvilen. Rett før eg sovnar, er eg så trøytt og gretten at eg føler at folk masar når dei stiller 1 stk spørsmål. Og når eg først vaknar, aaaaalt for lenge etterpå, er eg så godtesjuk at halvparten hadde vore nok til å få ein middels stor barnehage til å gjere opprør mot ped.leiaren for å få sjokolade. Og når ein bur heime, så blir det ikkje akkurat lettare, for her er jo det meste tilgjengeleg. Så no sit eg her og gnafsar på ein eller annan gjærbakst som eg fekk fiska opp frå fryseboksen. Eg forstår forresten godt viss fedmeepedemien kom samstundes med lanseringa av fryseboksen, evt fryseboksen OG mikrobølgjeomnen. Folk kan jo lagre enorme mengder godt utan at det blir dårleg, for deretter å tine det opp så det er klart til å etast på 1 min eller så. Det er skummelt. Det er godt eg skal springe halvmaraton. Då treng eg desse raske karbohydrata til intervalløktene mine. No kom forresten pappa og rakk meg eit kakestykke og spurte om eg var på godtejakt. Det var han nemleg. Har arva det av han. Men eg er ferdigjakta og nøgd og nesten litt mett.
I går kom eg heim frå Tau. I <3 Tau, that's all I can say. Viss folk hadde hoppa litt meir der, så kunne ein kalla staden for Hoppetau. Men eg såg nesten ingen som hoppa. Faktisk berre meg sjølv, på trampolina til Madlands, og det er ikkje nok. Folk må hoppe meir på Tau.
Men Tau eller Hoppetau, poteto, potato, så fekk eg vere med Kristoffer, og då gjekk det i grunn fint, sjølv om han lurte meg ein dag. Han sa vi skulle gå ut og gå tur. Eg var sjølvsagt med på dette, for eg likar godt å gå på tur. Det viste seg å vere særs varmt den dagen. Eg hadde for det første ikkje hårstrikk i håret, så i praksis gjekk eg med ein sånn hatt på hovudet:
Og for det andre, så sa ikkje Kristoffer at vi skulle på FJELLtur! Ok, det var kanskje ikkje eit fjell. Det var ein haug. Men det gjekk bratt oppover, og eg vart så varm at eg vart sint. Så der øydelagt eg nok ein stor del av sjansane mine for å få vere med Kristoffer på tur igjen. Men han er sindig og tålmodig og takla det heile fint. Han lagde til og med eit hårstrikk til meg av ein eller annan plantevekst. Og då eg kom ned att fekk eg middag. Og her er eit prov på at eg kan gå på slakk line. Då K tok biletet hadde eg gått over heile.
Men apropo at eg kom heim frå Tau i går. Eg køyrte faktisk aleine heile vegen. Det gjekk glitrande! Riktig nok mista eg første ferga fordi eg brukte 1000 år på å fylle bensin, men då fekk eg berre litt ekstra tid til å syngje høgt i bilen. Det er forresten ikkje berre, berre å fylle bensin. Først prøvde eg meg på ei pumpe. Den var i ustand. Deretter snudde eg for å prøve neste pumpe. Men då var bensinokket plutseleg på feil side! Så då måtte eg snu ein gong til. Og etter at eg hadde fylt, brukte eg nye 1000 år på å få på bensinlokket. Det var litt av eit puslespel, og det at eg hadde parkert heilt inntil pumpa, gjorde ikkje saken enklare. Eg tenkte "NO skal eg klare å køyre tett nok inntill pumpa sånn at slangen rekk fram". Har ikkje høyrt om mellomting. Men det skal seiast at eg klarte å fylle for nøyaktig 300 kr, så då var det verdt det.
No innser eg hatt eg har skrive veldig mykje. Kjekt for meg det!

Nei, det biletet er ikkje av meg. Tru det eller ei!

Og eit av fotografen:

onsdag 15. juni 2011
Dagens solstråle
Då var siste eksamen over, og det var ein katastrofe frå enda til annan. Men ferie vart det.
Eg oppsummerar dagen min gjennom mamma sitt webkamera:
Sånn såg eg for det meste ut under eksamen. Eg hadde tydelegvis ikkje heilt forstått konseptet.
Så eg drukna sorgene med å ta årets shoppingrunde. Eg likar ikkje å kjøpe klede, men i dag tok eg heilt av, og godt var det, for då slepp eg å gjere det igjen på ei stund. Eg kjøpte mellom anna denne buksa, og ein heilt, berre svart. Berre for å gjere det enkelt. Det var 30% rabatt på alt på Cubus i dag viss nokon lurte.
Eg har òg drukna sorgene ved å drikke enorme mengder pepsi max,
og det er eg forsåvidt ikkje ferdig med.
Å! Så GLAD for å ha ferie! Og sjå. Eg ser faktisk heile 14 år ut på dette biletet.
Her har du meg no. Solstråla.
Men alt i alt: God sumarferie! Sjølv om det klimamessig minnar meir om haustferie her i Knarvik.
mandag 13. juni 2011
7-fjellsturen
Ja... Sånn ca ein haug med veker på etterskot har eg bestemt meg for å leggje ut eit par bilete i høve 7-fjellsturen. Eg hadde ikkje kamera med meg (då heller), men mamma skulle absolutt ta bilete av meg då eg kom heim, i tillegg til føttene mine som var tapa over alt pga blemmer over alt. Så her er dei. Legg spesielt merke til Vestlandslefse-innpakninga som er på veg ut av eine lomma mi. Den fekk vi utdelt på det siste fjellet. Eg grein meg til to. Eg trur dei var noko av det som gjorde at eg kom i mål med livet i behold. Sukker <3
søndag 12. juni 2011
Den som hadde hatt eit kamera..
Eg blir litt irritert over meg sjølv av og til over at eg ikkje er så flink til å ta bilete. Spesielt denne helga har det vore så mange gulløyeblikk som eg gjerne skulle knipsa og foreviga, men den gang ei. Så då er det berre å kome over dette og heller skrive det ned sånn at eg kan hugse det når eg går inn igjen på bloggen min om 1, 2 10 eller 15 år og les om dagane då eg var 22 år og var student i Bergen.
Torsdag hadde vi gruppeeksamen i health preventive and promotive work. Det gjekk Bra vil eg påstå, og det var godt å ha det overstått. Fredag gjekk dagen med på å sjå på andre som framførte eksamen. Etterpå gjekk eg opp til Lappen (leiligheta til Simon (S) og Kristoffer (K), no berre S, sidan K har flytta heim til Tau), men på vegen slo eg meg heilt laus og kjøpte marinert ytrefilet på Bunnpris, for det var nemleg på 40% avslag. Kunne ikkje la eit slikt tilbod gå frå meg. Så det var min debut som biffkjøpar. Her skulle eg hatt kamera.
Vi (A og K) brukte ettermiddagen på å grille pølser og gå på slakk line. Eller rettare sagt - eg gjekk på line, medan K sto og såg på. Og det skal seiast at det er ikkje så lett å gå på slakk line når K står ved sidan av og glor og ler og seier "kom igjen, Keiko!". Her skulle eg hatt kamera. Men eg fekk meg eit par turar der eg gjekk over heile lina. Mestring er kjekt. Etter ei stund vart vi overfalt av nokre lokale ungar som kalla K for Kåre og som stakk av med lina. Men handlekraftig som eg er (ein gong innimellom), sprang eg etter dei og fekk den tilbake. Her skulle eg i alle fall hatt kamera.
Etter grillinga lærte eg S å hekle (kamera), og så gjekk eg og K ned i byen for å kjøpe McFlurry. Det har vi prøvd på fleire gonger, men vi får alltid lyst på noko anna i staden for. Så då vart det smoothie og 3 nye bukser til K for til saman 500 kr. Det tykte vi begge var eit godt kupp. Eg likar ikkje å kjøpe klede, så eg kjøpte ingen ting.
Så kom kvelden, og det var tid for biff. Grunnen til at eg skriv om dette, er fordi at eg skal hugse min første eigenlagde biffmiddag. Det er dei små tinga i livet, bla bla bla. Vi slo til med heimelaga fløtegratinerte poteter, salat, sopp og pepsi max (kamera). Og der sat vi og åt midt i eit par flyttelass, men vi lot ikkje det setje noko dempar på tilveret. S fekk restane mine.
Kvelden vart avslutta med at S og eg øvde på å setje veneflon medan K såg på. Eg traff, men gløymte å trykke på åra for å stoppe blodet, så det vart blod over alt. S derimot, bomma på begge hendene mine, så i dag sit eg med blåflekka hender og ser ein smule narkoman ut (kamera). Men han unngjekk i alle fall meir blodsøl.
Toppen på kransekaka av denne herlege dagen, var at eg gav eine sidespegelen på bilen til mamma og pappa Madland ein real trøkk då eg rygga på ein stolpe. K lo godt. Eg vart fortvila. K trykka det berre på plass igjen, og no er det ingen som kan sjå at det har vore av. Takk og lov, og absolutt verd å skulle hatt bilete av. Men igjen, eg hadde ikkje kamera på fredag, så då kan eg berre ha det så godt. Men eg har i alle fall fått skrive nokre hundre ord om det no som ein mager erstatning. Det tilsvarar kanskje eit halvt bilete med dårleg oppløysing. Men det får gå for denne gong.
No skal eg nyte lyden av stilla i eit tomt søndagshus. God søndag!

onsdag 8. juni 2011
I morgon
I morgon har eg eksamen. Eg har ingen spesielle kjensler knytta opp mot dette. Eg vil berre blir ferdig. Men når eg er ferdig då skal eg sjå igjen

som kjem til Bergen frå
(minus hoppe)
Det blir, på den andre sida, over måte bra og kjekt på alle måtar. Han skal vere med og feire overstått eksamen med wienerpølser. Det gjer eg alltid når eg er ferdig med eksamen. Mamma kjøpte 1,6 kg wienerpølser, og eg ser på det som ein kjærleikserklæring frå ho til meg. Elles har eg fått nye klesskap og skal bli seimar. Og så skal eg gå på slakkline på fredag. Med Kristoffer. Det er lykke.
onsdag 1. juni 2011
Son av ein teolog
Astrid (viser bilde av seg sjølv på tur til Preikestolen): Kem e det på bildet der?
Sigurd: Anna Oline (som er Sigurd sitt søskenbarn på 8 år)
Astrid: Nei, du ser vel at det er tante Astrid som står der?
Sigurd (3 år): Kor e det?
Astrid: Det er på Preikestolen, det er eit fjell.
Sigurd (som forøvrig er vokst opp på Fjellheim): E det nåkka til preikestol da?

Abonner på:
Innlegg (Atom)