søndag 26. juni 2011

Høneåtak

Prislappemaskina har forsvunne, og med dette er den gøyaste arbeidsoppgåva av alle vekke - nemleg datosjekk og nedprising. Eg håpar den kjem på plass igjen. Eg satsar på at den ligg på sin respektive plass når eg kjem på jobb igjen i morgon.

I dag var det plutseleg fint vêr her heime. Kven skulle tru? Til no har det vore regn og nesten minusgrader, men i dag snudde det. Det førte til at eg trudde eg skulle døy av dehydrering på joggeturen min, men eg overlevde. Eg vart springande og tenkje på alle dei fysiologiske greiene som skjer når ein misser væske, og kom fram til at eg hadde gløymt mykje av fysiologien eg lærte i fjor. I tillegg til for lite væskeinntak gjorde eg det heilt store ved å jogge til Radøy, som er kjent som den grøne øya. Radøy og pollenallergi er med andre ord ikkje den beste kombinasjonen. Men alt i alt var det ein fin tur, og eg kjenner at halvmaraton, det er faktisk noko for meg!

I går sto eg på jobb og ana fred og ingen fare i min flotte speidaruniform. Berre sjå her:


Men plutseleg, ut av ingen ting, så landa det ei høne på hovudet mitt. Berre sjå her:


Eg klarte å lausrive meg frå den, trass det kraftige taket den hadde rundt kinna mine, og kunne gå attende til arbeidet igjen. Flaks.

Utanom å jobbe og å springe, så har eg fått ein ny hobby - å sjekke vêret på yr.no. Familien BjørkeHarnesAsdahl skal nemleg til Balestrand på fredag. Eg er sjuk av lengsel etter å få reise til Balestrand igjen. Vakrare bygd finn du ikkje. Ever. Og det ser faktisk bra ut med vêret, så då blir det nok ein kjempetur. Raudmelen here I come!

Eg sleng med eit bilete frå Balestrand. Dette er riktig nok på vinteren, men Balestrand er Balestrand. Dette er frå siste vinteren vi budde der alle saman (eg har budd der 4 år i ettertid), og det er altså mamma, Åshild og eg som står utanfor rektorboligen. Good times and very nice termodressar! Enjoy.

1 kommentar:

Torbjørn sa...

Då har du vel for lengst gjort deg kjend med vêrradaren, slik at du kan vere din eigen meteorolog? I alle fall kan du spå veret dei neste to timane med ganske stor grannsemd...