søndag 12. juni 2011

Den som hadde hatt eit kamera..

Eg blir litt irritert over meg sjølv av og til over at eg ikkje er så flink til å ta bilete. Spesielt denne helga har det vore så mange gulløyeblikk som eg gjerne skulle knipsa og foreviga, men den gang ei. Så då er det berre å kome over dette og heller skrive det ned sånn at eg kan hugse det når eg går inn igjen på bloggen min om 1, 2 10 eller 15 år og les om dagane då eg var 22 år og var student i Bergen.

Torsdag hadde vi gruppeeksamen i health preventive and promotive work. Det gjekk Bra vil eg påstå, og det var godt å ha det overstått. Fredag gjekk dagen med på å sjå på andre som framførte eksamen. Etterpå gjekk eg opp til Lappen (leiligheta til Simon (S) og Kristoffer (K), no berre S, sidan K har flytta heim til Tau), men på vegen slo eg meg heilt laus og kjøpte marinert ytrefilet på Bunnpris, for det var nemleg på 40% avslag. Kunne ikkje la eit slikt tilbod gå frå meg. Så det var min debut som biffkjøpar. Her skulle eg hatt kamera.

Vi (A og K) brukte ettermiddagen på å grille pølser og gå på slakk line. Eller rettare sagt - eg gjekk på line, medan K sto og såg på. Og det skal seiast at det er ikkje så lett å gå på slakk line når K står ved sidan av og glor og ler og seier "kom igjen, Keiko!". Her skulle eg hatt kamera. Men eg fekk meg eit par turar der eg gjekk over heile lina. Mestring er kjekt. Etter ei stund vart vi overfalt av nokre lokale ungar som kalla K for Kåre og som stakk av med lina. Men handlekraftig som eg er (ein gong innimellom), sprang eg etter dei og fekk den tilbake. Her skulle eg i alle fall hatt kamera.

Etter grillinga lærte eg S å hekle (kamera), og så gjekk eg og K ned i byen for å kjøpe McFlurry. Det har vi prøvd på fleire gonger, men vi får alltid lyst på noko anna i staden for. Så då vart det smoothie og 3 nye bukser til K for til saman 500 kr. Det tykte vi begge var eit godt kupp. Eg likar ikkje å kjøpe klede, så eg kjøpte ingen ting.

Så kom kvelden, og det var tid for biff. Grunnen til at eg skriv om dette, er fordi at eg skal hugse min første eigenlagde biffmiddag. Det er dei små tinga i livet, bla bla bla. Vi slo til med heimelaga fløtegratinerte poteter, salat, sopp og pepsi max (kamera). Og der sat vi og åt midt i eit par flyttelass, men vi lot ikkje det setje noko dempar på tilveret. S fekk restane mine.

Kvelden vart avslutta med at S og eg øvde på å setje veneflon medan K såg på. Eg traff, men gløymte å trykke på åra for å stoppe blodet, så det vart blod over alt. S derimot, bomma på begge hendene mine, så i dag sit eg med blåflekka hender og ser ein smule narkoman ut (kamera). Men han unngjekk i alle fall meir blodsøl.

Toppen på kransekaka av denne herlege dagen, var at eg gav eine sidespegelen på bilen til mamma og pappa Madland ein real trøkk då eg rygga på ein stolpe. K lo godt. Eg vart fortvila. K trykka det berre på plass igjen, og no er det ingen som kan sjå at det har vore av. Takk og lov, og absolutt verd å skulle hatt bilete av. Men igjen, eg hadde ikkje kamera på fredag, så då kan eg berre ha det så godt. Men eg har i alle fall fått skrive nokre hundre ord om det no som ein mager erstatning. Det tilsvarar kanskje eit halvt bilete med dårleg oppløysing. Men det får gå for denne gong.

No skal eg nyte lyden av stilla i eit tomt søndagshus. God søndag!

Ingen kommentarer: