onsdag 15. juni 2011

Dagens solstråle

Då var siste eksamen over, og det var ein katastrofe frå enda til annan. Men ferie vart det.
Eg oppsummerar dagen min gjennom mamma sitt webkamera:

Sånn såg eg for det meste ut under eksamen. Eg hadde tydelegvis ikkje heilt forstått konseptet.

Så eg drukna sorgene med å ta årets shoppingrunde. Eg likar ikkje å kjøpe klede, men i dag tok eg heilt av, og godt var det, for då slepp eg å gjere det igjen på ei stund. Eg kjøpte mellom anna denne buksa, og ein heilt, berre svart. Berre for å gjere det enkelt. Det var 30% rabatt på alt på Cubus i dag viss nokon lurte.

Eg har òg drukna sorgene ved å drikke enorme mengder pepsi max,
og det er eg forsåvidt ikkje ferdig med.

Å! Så GLAD for å ha ferie! Og sjå. Eg ser faktisk heile 14 år ut på dette biletet.


Her har du meg no. Solstråla.

Men alt i alt: God sumarferie! Sjølv om det klimamessig minnar meir om haustferie her i Knarvik.

Ingen kommentarer: