fredag 24. juni 2011

3 ting

For ekstrovert person med master i internatliv er det ikkje alltid like enkelt å ha sumarferie. Det er fort gjort å gå tom for idear om kva ein kan finne på, for deretter å hamne i ein evig tiltakslausheit. Der har eg forsåvidt allereie gjort. Berre sjå her:


Men saka er den at i dag så fann eg faktisk på heile TRE ting å gjere. I går fann eg på hmm.. Eg hugsar ikkje kva eg gjorde i går. Jo. Eg sprang og var i byn med mamma, tante og Silja, og kjøpte meg kjole på Oasis på 50% avslag. Det kan vi like. Men attende til mine tre ting.

For det første var eg hjå frisøren. Eg bleika heile håret med foliestriper. Det har eg aldri gjort før. Det vart fint, og no luktar håret mitt godt. Det vart så fint at eg droppa å springe i dag, sånn at eg ikkje måtte dusje ut den gode lukta. Tar det igjen i morgon.


For det andre var eg på Kiwi. Der saumfarte eg hyllene etter varer som var utgått på dato. Biletet over illustrerar denne aktiviteten. Eg leita minst ein halv time, men fann ingen ting. Dei er alt for flinke på Kiwi. Alt var nytt og fint. Eg hadde på meg fri flyt-gensaren til ære for Kiwi. Evt for å blende inn sånn at ikkje folk skulle leggje så mykje merke til at eg sjekka datoane på samtlege varer i godterihyllene. Gjett om eg hadde blitt yndlingstanta viss eg kom heim med ein kasse godteri. Men den gang ei. Då vart eg litt sur. Sånn:


For det tredje har eg hengt med Stine. Vi prata om alt mellom himmel og jord, og var lykkelege i kvarandre sitt selskap, så då vart eg glad igjen. Eg er heldig som har ho.

Eg fann forresten ut då eg var på Kiwi at det var St. Hans. Men det har eg aldri feira, så eg fann ut at det var best å berre la dagen passere i stillheit i år òg. Kan ikkje finne på alt for mykje nytt i ein alder av 22.

Ingen kommentarer: