tysdag 9. februar 2010

Mitt nye yndlingsplagg:




Once you've tried black,
you'll never go back!

onsdag 3. februar 2010

I dag er det min dag,

for i dag er det 3. februar!

laurdag 30. januar 2010

Du veit du har gått deg vill i Oslo når:

Du tar buss frå A til B, for å bytte buss frå B til C for deretter å skulle bytte buss for å kome til D, men bussen køyrer tilbake til B.

Du må gå kjempefort for å rekke jobb og bestemmer deg for å ta ein "snarveg" som visar seg å vere ein arbeidssti for èin stk lyktestolpereparatør, og som difor fører til berre denne eine lyktestolpen.

Du finn ut at du skal fortsetje med å lage ein sti i ca riktig retning og endar opp med å stampe med snø opp til knea og får tistlar i vottane.

Snarvegen du lagar fører til at du plutseleg er ute på Ring 3 og bilar byrjar å tute på deg og du må springe for å kome deg til ein sikker stad som viser seg å vere akkurat der du hadde gått viss du ikkje hadde tatt snarvegen.

Du må springe resten av vegen til jobben for så å finne ut at du eigentleg ikkje skulle jobbe.

Ps: Eg fekk jobbe altså.

onsdag 27. januar 2010

Filosofi over ein kebab

I går sat eg på lesesalen og fekk plutseleg så lyst på kebab. Ja, så lyst at eg ikkje ein gong klarte å fullføre dei 45 minutta eg hadde att av lesing. Eg måtte gje meg etter 22.

Bislett kebab vart inntatt, og eg bestilte ein liten kyllingkebab utan brus (med tanke på tenna mine). Første biten var himmelsk, men så var det plutseleg ikkje så godt lenger. Då slo deg meg. Å ete kebab handlar ikkje om maten.

Kebab er ein sosial greie for meg. Vener som traskar opp gatene etter misjonssalen, gode vener på Fjellhaug på veg ned til Biten ein alt for sein kveld, to venninner som deler fordi dei nett har ete. Så å gå frå dette til å ete sjølv var veldig stusseleg. Eg vart så grepe av situasjonen at eg åt i full fart for å unngå at nokon skulle sjå meg sitje der heilt aleine med kebaben min. I mine auge såg det i alle fall veldig stusseleg ut. Eller, eg sat der forresten ikkje heilt aleine. Gunnar Elstad sat der òg i eit hjørne. Han sat der så fint og sutta på sugerøret med eit tomt kebabpapir ved sidan av. Han såg beinhard ut, som ein skikkeleg tøffing. Men han kjente meg ikkje att. Så eg fortsette berre med å ete i full fart, før eg måtte ta fatt på hive-kebab-utan-å-vere-borti-bosspannet-prosjektet og sette meg på trikken heim. Mett, men einsam.

Og på toppen av det heile vart eg dårleg i magen.

søndag 17. januar 2010

Til den komande store dagen

3. februar fyller eg heile 21 år. Det blir ein stor dag, og eg veit at det er mange som har eit sterkt ønskje om å sende meg kort eller gåve i posten. Eg skal ikkje hindre dykk, heller hjelpe dykk på vegen.

Her er ønskjelista mi:

- Spinningsko
- Teknisk t-skjorte
- God balsam til håret
- Skjerf av ulike slag
- Kule ting til å ha i håret
- Gåvekort til ymse butikkar
- Løpetights
- Brettspel av alle slag
- Laken, type strikk rundt kantane
- Eit kort frå deg

Dei andre bloggane mine: