tirsdag 21. juni 2011

Autoritet

Sumarjobben på Safari har blitt tatt til ein ny dimensjon. Eg har fått tildelt makt og autoritet. Eg kan no bruke prislappemaskinen. Den ser om lag sånn ut:


Og med denne i handa har eg makt til å setje varer ned i pris som er i ferd med å gå ut på dato. Eg har sjølv stor tru på at eg har god forretningssans, sidan eg er halvt sunnmøring, og eg kjem til å halde fram med å prise ned heilt til sjefen seier at eg ikkje får lov. Det er fantastisk kjekt å gå og leite i hyllene etter varer som ligg for døden, for deretter å vurdere kor mykje eg kan setje den ned i pris. Då må eg vurdere kva den kostar frå før av, kor mange dagar det er til den går ut, kor mange det er igjen av varen, og prøve å justere prisen i forhold til dette. Det er beinhard kalkulering, og det er ingen tilfeldigheit om varen ender opp med å koste 14,90 i staden for 19,90. Alt er nøye gjennomtenkt. I dag var eg faktisk på jobb ei halv time ekstra, berre for å leite etter varer og for å gå amok med pistolen (altså prislappemaskina). Eg skal nemleg ikkje på jobb i morgon, og følte at ansvaret låg på meg. Pluss at det er frykteleg kjekt.

Eg har byrja å innsjå at eg er ein nerd når det kjem til duppedittar, eller gadgets, som det heiter på godt norsk. Døme: Kvar gong eg skal ut og jogge er det obligatorisk for meg å ha med både pulsklokke, pulsbelte, og nike+ sensoren som registerar kor langt og kor fort eg spring. Og når økta er ferdig, frydar eg meg over at eg kan halde statistikk over det eg har gjort, og måle framgang (evt tilbakegang). Indre motivasjon er oppskrytt.

I dag på jobb kom det ein kunde som ikkje visste kva eit hekto var for noko. Då visste eg ikkje om eg skulle le eller grine. Men han/ho fekk til slutt tre hekto med mat av eit eller anna slag, og klarte seg heilt fint i verda heilt til han/ho skulle varme den i mikrobølgjeomnen (min store fiende som eg snakka om i førre innlegg). For det første fann han/ho den ikkje, og for den andre klarte han/ho ikkje å slå den på. Enda eit prov på at skulen eller samfunnet eller politikarane eller foreldre etc etc rundt omkring har ein jobb å gjere. Eg tok min del av jobben ved å lære han/ho å bruke mikrobølgjeomnen. Eg er dreven på det nemleg.

Og visste du at det kan vere sol om sommaren på Vestlandet òg? Det var det i dag. Eg skulle eigentleg trene, men fann ut at det var nok best å sole seg i staden for. Treningsforsøket var i tillegg ein komplett fiasko. Eg skulle nemleg prøve meg på noko nytt og spanande, nemleg Zumba. Det går nemleg gjetord om denne treningsformen, og reklamen eg såg på tv-shop i fjor gjorde meg heilt bergtatt. Så i dag skulle eg ta fatt på dette. Eg klarte ikkje ein gong det første "danse"trinnet (som var eit MINIMUM viss ein skulle klare resten) og eg hadde aldri i verda klart det uansett kor mykje eg hadde prøvd, så eg gav opp, heiv av meg kleda og la meg strak på terrassen. Det var mykje betre.

Eit bilete må eg ha med, så eg gir dykk med dette gleda av å få eit innblikk i kva eg gjorde 1. påskedag for tre år sidan. Då sat eg nemleg på taket på Fjellhaug, drakk sjokomelk og las i Bibelen. Eg koste meg glugg. Grunnen til at eg legg det ved, er fordi eg saknar Oslo litt for tida. Eg har lyst til å ha fri og sykle på bysykkel i timesvis. Men det kan eg gjere ein annan gong.


No skal eg sitje og vente på at det er kveld, for i kveld skal eg rangle. Rangling er eit privelegium, og eg gjer det så ofte som eg kan. Ingen ting er som å gå i halvsvime ned på badet, pusse tenna og hive seg i senga, vel vitande om at ein har brukt alt for mange timar på å gjere ingen ting. Sidan eg var så pliktoppfyllande på Sygna, og kronisk trøytt på Fjellhaug, har eg mange timar rangling å ta igjen. Eg gnir meg i henda og smiler lurt ved tanken på dette. Til slutt eit bilete av Gunhild, som skal bli min nye roomie til hausten. Eg gler meg til å rangle med ho.

Ingen kommentarer: