onsdag 16. april 2014

På dagar som denne

I går var det ein særs idyllisk dag, men påskesol og grilling ute med gode folk. Vi sat med kjeledressen nedbretta, sånn fint med ein knute rundt magen, og kjende at sola steika i anletet. Vi måtte faktisk ha på oss solbriller. Men så kom dagen i dag, som er i ein heilt annan kategori.

På dagar som denne vaknar ein av synet av ein hage som absolutt ikkje såg ut som i går. Ymse ting frå ymse naboar ligg no spreidd fint utover plenen, i tillegg til ulike delar av hus/gjerde/hagemøblement og bossposar av nyare og eldre dato. I dag låg det til og med ei brøytestikke flott dandert midt på plenen. Kvar den kjem frå, anar eg ikkje.

På dagar som denne er det ikkje ledige parkeringsplassar nær inngangsdøra til jobben, og sidan eg, av alle ting, tok på meg BOBLEJAKKE, og det regnar frå alle kantar, var eg heilt gjennomblaut då eg omsider kom meg fram til inngangsdøra.

Regn kan, i følgje ymse kvinnemagasin og rosabloggar, vere særs koseleg. Då kan ein jo sitje inne med eit pledd og drikke te. For det første likar eg ikkje te. For det andre har vi hund. Vi har faktisk to. Og desse skal ut, uansett, både morgon og ettermiddag. Og på dagar som denne er det særs tungt å gå tur, i alle fall den eine vegen av turen. Sjølv om ein går på alt ein har i oppoverbakkane, er det såvidt det går framover, og i tillegg til motvind, blir ein plaga av regn så skarpt som nålestikk. Og når ein snur, fører det til ukontrollert springing, gjerne midt i vegen, som gjer at ein er ein fare både for seg sjølv og trafikken (les: dei tre bilane som passerar i løpet av turen).

Pepsi vil gjerne springe litt ekstra langt vekk, slik at det å rope han attende blir til ein brølekonkurranse mot storm, type 20 m/s. Og dei som har høyrt meg rope, veit at det er eg ikkje særleg god til.

Maika finn seg ein eller annan form for fiskebein, og legg seg deretter i ei nøye utvald grop langt oppi ein bakke, der ho vil liggje og tygge på fisken. Og når eg omsider får kava meg opp til ho (i litt for stor kjeledress og støvlar) for å hente ho, spring ho vidare. Og sånn held ho det gåande heilt til vi kjem heim. Og når vi først kjem heim, finn ho ut at ho skal rulle den gjennomblaute pelsen i klesdunken på badet.

På dagar som denne får ein telefon frå Pål Sverre om at hurtigruta mest sannsynleg ikkje kjem til å klare å legge til i Stamsund (ca 30 minutt frå der vi bur). Og at den då heller ikkje vil klare å leggje til i Svolvær. Og at det betyr at eg må hente han på STOKMARKNES, som er om lag 3 timar å køyre frå Ballstad. Og for dei som ikkje kan rutetabellane til hurtigruta, så er hurtigruta framme i Stokmarknes om lag kl 01.00. Så dette kan bli ein interessant dag.

Elles har eg gløymd at det er vanleg å pynte huset til påske. Nett som før jul. Heldigvis kjenner mamma og pappa meg såpass godt, at dei sende meg ein påskeblomebukett. Så no har eg, om ikkje anna, gule blomar i hus. Og gule serviettar.

Om eg ikkje har pynta, så har eg i alle fall rydda og vaska litt. Eg fann att ein matboks, som tydeleg vis hadde hatt nokre gode gjæringsmånader bak senga på soverommet. Spenning var til å ta og kjenne på då eg opna matboksen for å sjå kva som kunne vere oppi. For å seie det sånn: Det kom røyk opp frå boksen då eg opna den. Grøn muggrøyk. Og det som ein gong hadde vore oppi, var forvandla til eit grønt, totalt uidentifisebart objekt. Resten av boksane, i alt 6 stykk, lukta berre grusomt, men var ikkje så gjennommygla som denne.

Men hygiene eller påskepynt, det er uansett ikkje det som er viktig med påska . Det er det faktum at Jesus døydde for oss på krossen, og sto opp igjen tre dagar seinare! Det høyres så rart ut når ein seier det, totalt usannsynleg og merkeleg. Men eg trur på det, og kjenner meg glad og heldig for det!

Så god påske! Eg må køyre og handle mat. Kom nettopp på at butikkane har ein del stengt framover.


Ingen kommentarer: