tirsdag 18. mars 2014

Tid nok!

I august/september var det utruleg mykje som gjekk føre seg i livet mitt. Eg gifta meg, flytta til Ballstad, byrja i to jobbar, møtte ein haug med nye folk, og måtte generelt omstille det meste. Tidlegare i 2013 hadde eg budd heime hjå mamma og pappa, trygt og godt, og moglegheit til å vere så mykje eg ville med vener. Det vart ein brå overgang til det nye livet, og endringar tar tid uansett kor mykje ein vil det eller ei.

No er dette over eit halvt år sidan, og det er godt. For no byrjar verkeleg roen å senke seg i både sjel og sinn. Det har krevd eit par tøffe avgjerdsler, til dømes å slutte i ein av jobbane (ingenting negativt om den jobben forresten!), men jammen er det verd å ta seg sjølv på alvor! No jobbar eg ca 70% som treningsveilder på Trivsel, og trivst like godt som ein sjokoholikar (les: meg) på shopping i Svinesund.

Eg har alltid sett på meg sjølv som ein person som skal jobbe 100%, og gjerne meir viss moglegheiten byr seg. Men eg har innsett at eg heller vil leve eit liv der eg kan kjenne at eg har tid til å puste med magen, og kjenne at eg faktisk kjedar meg litt innimellom. Trur det er viktig å kjede seg. Då dukkar det opp mange tankar, både positive og negative. Og det er viktig. For då kan ein arbeide seg gjennom dei tunge, forkaste dei unyttige, og dyrke dei konstruktive og kreative. Og for å gjere dette treng ein tid. God tid. Meir tid enn ein kanskje trur ein treng.

Resultatet av ein kvardag med meir tid, har vore over måte positivt. Det er i grunn vanskeleg å forklare det med ord. Men den kjensla av å kome heim etter jobb, og vite at det faktisk ikkje er noko som helst ein må rekke, den er god! Vite at ein har ein heil ettermiddag og kveld der ein berre kan gjere akkurat som ein vil. Folkens, er de klar over kor godt det er? Eg har det sjølvsagt ikkje sånn kvar dag, men flesteparten av dagane er på den måten. Då har eg tid til å gå lange turar, trene, gå på spontanbesøk til vener og naboar, bake (!!!), vaske klede, sjå tv-seriar, lese i Bibelen osv. Men stort sett blir det kanskje mest Candy crush og latskap. Utanom tur då, det gjer vi kvar dag. Vi har jo hundar.

Her om dagen tok eg meg sjølv i å tenkje at eg burde få meg ei fuglebok. Då gjekk det opp for meg at eg no verkeleg tar meg tid til å sjå meg rundt når eg er ute og går. Det er ikkje feil! Så no må eg få meg ei fuglebok. Så kan eg skryte av alle fuglane eg har sett.

Men nok prat. No må eg vise litt bilete. Og eit par filmar. Kvardagsinnblikk.











Ingen kommentarer: