fredag 16. september 2016

Følge med på livet mitt

Av og til set eg meg ned for å lese litt på bloggen min. Eg kan bla tilbake så langt som 10 (!!) år, og lese om kva eg dreiv med då eg var 17 år. Eg er så glad for kvart minutt eg har brukt på desse blogginnlegga, for eg får mimre tilbake til opplevingar eg aldri hadde hugsa dersom det ikkje var for bloggen. No har eg ikkje blogga på 2 år. Heldigvis har eg litt minner gjennom instagram og sånn, men eg har lyst til å skrive enno litt meir, berre for å kunne sjå tilbake på desse minna òg.

Eg kan jo begynne med å legge ut eit bilete av korleis eg ser ut per i dag. Her er Ragnhild Sofie og meg på tur i Bergen. Tydeleg vis på Pokémon-tur, men det visste vi ikkje.


I dag er det fredag, og det betyr siste jobbdag i veka. Eg har fri kvar torsdag, slik at vekene blir overkomelege og gode. Det er godt å ha litt luft mellom slaga. Det er tross alt litt arbeid å halde ved like eit ekteskap, eit barn, 2 hundar + alt anna som livet inneheld. Så då er torsdagane min dag. Vanlegvis går eg tur, men i går gjekk dagen med på å vere vaksen, dvs gå til kiropraktor, lufte hundar, vaksinere hundar, gje blod og gå til synstest. Midt i alt fekk eg tid til å møte Therese på Sans og Samling (kafe her på Leknes, anbefalast!).

Men no er det fredag, og det betyr helg! Eller, helg er jo ikkje akkurat som det var før. Tidlegare var helg berre å slappe av og late seg. No er det litt andre bollar. Heldigvis er vi velsigna med ei jente som kan finne på å sove til kl 8, så ein dag i helga må eg opp når ho vaknar. Den andre får eg sove så lenge eg vil. Og så er det å aktivisere baby, henge med vener, planlegge gudstenester og elles berre gjere det som kjennes bra ut der og då. Førre helg ville Elise berre sove i bilen, så då fekk eg sett enda fleire plassar her i Lofoten. Litt sightseeing har ingen vondt av!

Denne helga er litt annleis, for Pål Sverre har bursdag i morgon! Så då ventar det vener og tapas på kvelden, og sjølvsagt kake. God mat og vener er aldri feil! Søndag er det familiegudsteneste på Betel, så då blir det ein del tid til førebuing der. Vi brukar mykje tid på Betel ila ei veke, så då er det godt at det er ein plass som er god å vere. Å gå på gudsteneste er ikkje noko eg gruar meg til, eller syns er eit ork. Det er det mest sjølvsagte ila ei veke, og vi har gjort det sidan Elise var 1 veke (ho vart fødd på ein søndag). Der er det mange som vil passe Elise, det er andeleg påfyll, mykje flotte folk, og ikkje minst eit gedigent kakebord på slutten. Som sagt - mat og gode vener er aldri feil!

Sånn alt alt har det vore ei god veke, med unntak av at eg helst skulle ha hatt eit par treningsøkter. Men av og til er berre dagane sprengfulle. Så eg får ha det til gode. Eller, forresten. Vi var jo faktisk på swingkurs på mandag. Det tel jo nesten som ei treningsøkt. Eg vart i alle fall god og varm. Men eg fann raskt ut at det ikkje var noko for meg. Eg hadde berre lyst til å begynne å le heile tida. Både av meg og av omgjevnadene. Og det passar seg visst ikkje heilt. 

Eg må lære meg å le når det passar seg.

Ingen kommentarer: