fredag 21. mars 2014

Vintervår

Lofoten er ein lunefull plass å bu. Du trur det er vinter, men så kjem varmegradene. Du trur det er sumar, men gradestokken nektar å vise meir enn 12 grader. Du trur det er vår, men så blir det SNØSTORM! Så per i dag er huset vårt pakka inn av tung, kvit snø, som sikkert kjem til å bruke heile våren og halve sommaren på å forsvinne. 

Men betyr det at vi er stengt inne, og ikkje får brukt bilen? Neida, for vi har snøfreser! Pål Sverre kjøpte den saman med nokre naboar, og har gått heile vinteren og venta på å få bruke den. Dessverre for han, var det berre eit par snødagar i oktober, og sidan har det vore bart og fint. Difor var det ikkje sjokkerande at eg vakna aleine i senga i dag kl 08.00 (har fri kvar fredag, og kl 08.00 er sånn ca midt på natta i følgje oss). Og kvar var Pål Sverre då? Jo, han var ute og freste snø! Først hadde han fresa vår oppkøyrsel, og då eg fann han, var han i full gang med å frese naboen sin oppkøyrsel. Eg fekk diverre ikkje tatt bilete av hendinga, men eg kan love dykk at det var eit herleg syn. 

Fordelen med snøen er at den er djup og tung å gå i. Det passar bra, sånn med tanke på at vi har ein kvalp i huset, som har eit energinivå tilsvarandre ca 10 jakthundar på sporet av ein rev. Men sidan det var umogleg for ho å gå i snøen, og ho måtte hoppe seg framover, var ho stuptrøytt då ho kom heim, og slokna raskt. Hurra! I tillegg er det nok ganske slitsomt for ho å måtte vere på jobb når vi er på tur. Ho har nemleg fått det for seg at Pepsi er ein sau som ho må gjete. Stakkar han, stakkar ho. Slitsamt for dei begge trur eg. Underhaldande for meg.

Berre for gøy, her er eit utval bilete frå den siste veka. Som de ser: Ganske så variabelt:

 Her har Kyrre vore innom

Kyrre tok med seg hjellene, slik at ein god del potensiell tørrfisk datt ned. Men det tok ikkje mange dagane før hjellene var bygde opp att. Her får dei ting gjort!

Søndagstur med naboane 

Vi fann ei strand! Gler meg til sumaren

 Der ville ho ligge. Sikkert varmt og godt

 Bilete frå onsdag denne veka

Utsikt sørover mot Moskenes og Værøy. 
Tatt ca 15 minutt frå huset vårt

Vakna opp til dette i dag. Våren får vi ta seinare

No skal vi gjere oss klar for Alpha-weekend. Gjennom våren har vi vore delaktig i å arrangere Alpha-kurs på Betel, og det har vore til store glede og inspirasjon. Denne helga skal vi overnatte ei natt på Mortsund rorbuanlegg, og lære meir i frå Bibelen der. Det ser eg fram til, og eg håpar kleda mine tørkar til vi skal reise. Det gjer dei neppe. 

God helg frå Kræmmarvika!

Ingen kommentarer: