mandag 16. desember 2013

Mørketid

Vi er offisielt inne i mørketida her på Ballstadlandet. Og det betyr akkurat det som namnet seier: Det er mørkt her. Eller, det er ei lita stund på dagen der det ikkje er heilt mørkt, og då er det veldig fint. Då kan himmelen bli både rosa, lilla, oransj, raud og grøn, og dersom det er snø og klart vêr, blir alt blått. Men sidan folk flest er på jobb, så opplever ein stort sett berre mørke. Dette fører til fleire ting:

For det første blir døgnrytmen heilt på ein snurr. I alle fall for min del, som ikkjer heilt van med mørketid. Når eg er ferdig på jobb, kl 16.00, er det såpass mørkt at eg i grunn kjenner meg klar for å legge meg. Men det kan eg jo ikkje. Det er jo lenge til kveld. Så ender det som oftast med at eg sovnar litt på sofaen, for deretter å vere kvikk til det er altfor seint. I helga var det ingen av oss som var klar over at klokka nerma seg 03.00 då vi la oss. Leggetid er éin ting, men det å stå opp, det er eit heilt anna kapittel. Det er jo nesten umogleg, og det kjennes ut som om eg står opp midt på natta. Men når eg tenkjer meg om, så er det jo i grunn slik heile året.

For det andre er det veldig koseleg. Det er alltid ein grunn til å kveikje ljos (som det heiter på god nynorsk), koke seg kaffi, og kose seg inne. Dette passar jo godt, sånn med tanke på at søtsuget ofte aukar i mørketida. Kjenner det på kroppen, ja! Men det er jo så kaldt, så då må ein ha litt ekstra å isolere kroppen med.

All innetida fører til at ein blir nødd til å bli kreativ når det gjeld inneaktivitetar. Til no har eg ikkje vore så veldig kreativ, og det har gått mest i Candy Crush, men i det siste har eg byrja å spe på med litt andre ting. Eg har mellom anna byrja prosjekt finn-det-perfekte-brødet. Pål Sverre røska nemleg med seg ei brødbakemaskin frå den lokale bruktsjappa, og eg driv no og eksperimenterer (med særs lite hell). Elles har eg prøvd meg på både kjøtkaker, karamellar og heimelaga sjokoladepålegg. Eller for å kalle det for det det vart: Sprettballar, stivna brunt smør og sjokolademousse.

Sidan eg har så lite suksess på kjøkenet, har eg funne ut at eg heller skal prøve meg på noko eg faktisk kan få til. Så i kveld har eg prøvd å lære meg namn og lokalisasjon på alle landa i Europa, samt alle stadene Hurtigruta stoppar. Det første gjekk ikkje så bra, men det siste vart suksess! Per no kan eg ramse opp 31/35 hurtigrutekaier i riktig rekkjefølge, og forventar at alt sit som spikra om nokre dagar. Her er resultatet etter eg gjennomførte ei prøve for meg sjølv (ok, eg fekk litt hjelp frå Pål Sverre):


No er det duka for litt dårleg stemning i heimen. Vi skal spele Millionær. Kombinasjonen av ekstremt konkurranseinstinkt, og det faktum at vi berre har den andre å kjempe mot, fører til både diskusjonar og endra kroppshaldning, alt etter kven som ligg an til å vinne. For å seie det slik: Pål Sverre sit aldri så rett i ryggen som når han ligg an til å vinne. Ligg han an til å tape, sit han like nedbøygd som ein fiskekrok.

Til no har eg berre tapt, og difor har ryggen hans fått god trening. Som fysioterapeut må eg jo sjå på det som noko positivt. Men akkurat i dette tilfellet klarar eg det ikkje. Når eg vil vinne, klarar eg ikkje tenkje på andre sine helsefordeler, eller sårt tiltrengt aktivering av mm. multifidii. Då vil eg berre vinne!

Så då er det berre å lausrive seg frå vår største ljoskjelde i stova, iMac-en, og la adrenalinet straume ut i blodbanene. Heia meg!