torsdag 28. november 2013

Tida flyg

Eg veit ikkje om det er noko med at eg byrjar å bli eldre, men tida går jammen meg rasande fort! At det er to månader sidan eg blogga sist, er meg ei gåte. På den eine sidan kjennes det ut som om eg skreiv det i går, på den andre sida kjennes det ut som om det er leeeenge sidan.

Så kva har skjedd sidan sist? Eg vil oppsummere i tre kategoriar:

Naboar
Ein søndags føremiddag nokre veker etter at vi hadde flytta inn, ringte det plutseleg på døra. Eg stå i kjellaren og mala ein kommode, og Pål Sverre ropte ned trappa: "Astrid, du må komme opp! Vi har besøk!". I døra møtte vi Margit, Vegard og William (1 år). Og etter ein runde med kaffi og sjokolade, fann vi ut at dette var over gjennomsnittet koselege folk. Og då vi i tillegg fann ut at dei budde rett over gata, kjentes det ut som om vi hadde vunne i lotto. Sidan har vi så og sei fusjonert familiane, og har stor glede av kvarandre sitt selskap. Eller, med unntak av då Pål Sverre og eg skulle vere barnevakt for William. Eg slo nemleg på ljoset hans då eg skulle sjå etter han då han skreik. Det skulle eg sjølvsagt aldri ha gjort, og vidare vart det full rabalder til han fann ut at han skulle sovne att. Margit kalla det ein klassisk nybegynnarfeil. Og at vi skulle få lov til å vere barnevakt igjen.

Eg har ikkje bilete av oss fire tilgjengeleg, men her er eit bilete av meg der eg prøvar å nå opp på den lysaste tonen i O Helga natt.



Vêr
Vi bur ikkje akkurat i Syden. Det er sikkert og visst. Her er det kaldt og rufsete og stormete. Og sidan vi har hund, må vi jo ut. Men det er faktisk heilt sant som Ylvis seier: There is no such thing as bad wather, only bad kleather. Det kan eg skrive under på. Så kle dykk opp, folkens! Då har ein ikkje så mykje å klage over likevel.

Her er eit par bilete av Ballstad når staden visar seg frå ei litt betre side. Begge bileta er tatt av Pål Sverre.





Lofotliv
Førre helg var det liv i stova til familien Rydland Aasen. Saman med Margit og Vegard, inviterte heile nabolaget, som kallast Ballstadlandet, til å kome til oss på konsert, kaker og kaffi. Og jammen kom det folk! Rundt 35 stykk vart trykka inn i dei to stuene våre, og stemninga var topp! Du kan lese meir om dette her

Heile konsertgjengen samla

Vi (det vil seie Pål Sverre) har forresten byrja å ordne litt ute i rorbuene vi har ståande i hagen. Det første som skal på plass er nytt golv. Meir veit eg ikkje. Eg fekk berre beskjed om følgjande i dag tidleg frå Pål Sverre: "Nå må du være litt husmor framover, så kan æ være mann i udhuset". Eg sa at det var heilt greitt, for det er så kaldt i uthuset. Her er bilete frå dag 1 av arbeidet.


Elles er alle som vil, hjarteleg velkomne til å ta seg eit lite eller større opphald hjå oss i Kræmmervika!

Saknar alle heime, men har det veldig godt her i nord. Takksam for det!

Ingen kommentarer: