søndag 6. november 2011

Tidleg middagskrise

Vanlegvis plar middagskrisa mi slå inn i byrjinga av desember, eller i slutten av november, men på grunn av tidleg juleferie, har den slått inn allereie no. For dei som ikkje forstår kva eg snakkar om, kan de berre lese dette innlegget. De (spesielt mamma) vil ikkje vite ein gong kva eg har ete i dag. Men det er jo uansett ikkje så veldig interessant når eg tenkjer meg om.

Berre eit hint.

Det er søndag og eg er trygt plassert i Stemmeveien 16 etter to dagar på leir i Sætervika. Eg debuterte som både talar og bibeltimehaldar, og eg sit att med ein god erfaring og ei kjensle av at det er noko eg kunne tenkje meg å gjere igjen. Deltakarane var vel over snittet pratsomme. Eg kan ikkje hugse at eg var så pratsom då eg gjekk i 8-10 klasse. Dei to siste setningane gjer forresten at eg kjenner meg litt gamal, både fordi eg ikkje kan hugse det som faktisk var fakta (at eg prata), og det faktum at eg tenkjer at ting var betre før. 22 år. Tida flyg. Eg byrja å blogge då eg var 16. Det kjennes ut som om det er veldig lenge sidan, samstundes som om det kjennes ut som om det var i går eg sat og øvde på fysikkprøve og bretta ut min frustrasjon på nettet. Det er jo forsåvidt det same eg gjer no, berre på høgskulenivå, så det er visst ikkje så mykje som har endra seg after all.

Gunhild har reist frå meg. Ho skal vere vekke ei heil veke, og det er berre trist for min del. Og det gjer det desto vanskelegare å ete middag, sidan eg ikkje utan vidare har nokon å ete saman med. Heldigvis kjem Kristoffer på besøk på torsdag, og då blir det ofte litt fart på middagssakene. Han er flink til å lage middag, han. Første gongen han besøkte meg i Masfjorden lagde han reinsydsskav til meg. Eller som eg trudde det heitte - reinsdyrskav. Så eg (og mamma) får berre halde ut til torsdag. Men eg har ein liten plan om å lage pannekaker i morgon, så det kan vere det ikkje blir ei så gale veke, reint middagsmessig.


Furuskog, illustrasjonsbilete.

 Eg drøymte forresten ei natt at dei ringte frå Haukeland og sa at dei ikkje hadde praksisplass til meg der likevel, og at eg måtte ta ein praksisperiode til i Masfjorden. Det gjekk faktisk så langt at eg drøymte at eg reiste inn til Masfjorden og vart tvinga til å vere med i det lokale songlaget fordi dei hadde fått nyss i at eg song i Gospel Bergen til vanleg. I tillegg måtte eg kjøpe nokre forferdeleg stygge postkort og ein pin (sånn ting til å ha på jakka), og så måtte eg lukeparkere midt i ein furuskog. Men så var det jo heldigvis berre ein draum.

Det er nesten sånn at eg vurderar å lage ein eigen draumeblogg, for eg drøymer dei raraste ting. Men hadde eg gjort det, er eg redd for at mine pårørande hadde blitt over snittet forlegne, så eg får eventuelt skrive det opp i eit hemmeleg dokument og lese i det når eg fåt lyst til å le litt.

No skal eg lokke og lure fram den siste resten eg har av lesemotivasjon, før eg skal leggje meg strak ut på sofaen og glo på fjernsyn og lade opp til ei ny veke. Eg likar mandagar. Eg gler meg allereie!

Ingen kommentarer: