onsdag 9. november 2011

Wiener

Eg har fått influensa. Sånn heilt plutseleg. Tok meg på senga, bokstaveleg talt. Vindi er i Oslo, så eg er aleine heime. Eg har ikkje fått handla i det siste, men utruleg nok så klarte eg å raske med meg 1 kg wienerpølser sist gong eg var på butikken. Så det går i wienerpølser. Til alle måltid. Med andre ord: Eg har det ganske fint!

I dag har eg gjort absolutt ingen ting. Eg bestemte meg for å droppe dei to timane som var på skulen, sov lenge, og har berre slappa av. Ei lita stund trudde eg at det hadde gitt seg, men så gjekk eg og henta posten, og då kjente eg at, joda, det herjar fortsatt i kroppen. Så då er det berre å slenge seg på sofaen og vente til det går over. Med alle wienerpølsene.

I går trakk vi forresten turnusnummer. Eg trakk nummer 28, som er akkurat det same talet som eg trakk sist gong då vi hadde praksistrekking. Så det var jo litt morosamt. Talet betyr nok at eg dessverre må flytte frå Bergen. Det er fryktelet trist merkar eg, men ein må vel berre gjere det beste ut av det.

Men no er det tid for AFV. Humor på akkurat mitt nivå!

Ingen kommentarer: