onsdag 8. desember 2010

HJELP!

No treng eg at nokon kan fobarme seg over meg. Kven som helst. Anyone..?

Eg har nemleg ikkje ete middag på mange, mange dagar. Eg orkar berre ikkje lage det. Så dei siste dagane har det gått i peanøtter, non-stop (komablanding.. mmmmm!), polarbrød, bollar, div anna sjokolade og frukostblanding. Med andre ord: Nokon må hjelpe meg. Sometimes you can't make it on your own, som U2 syng så fint. Så spørsmålet er følgjande:

Vil du lage middag til meg?:)

Eg kan no ta meg tid til å forklare kvifor eg har så problem med middagsgreiene. Det er nemleg eksamen på gang, og då blir det lite tid til å til dømes lage mat eller vaske klede. Men det kjem det, når eg berre har fått overstått dei tre siste eksamenane. Den første vart gjennomført i dag, og eg trur det gjekk bra. Så per i dag har eg 7 dagar til juleferie og 3 eksamenar. Det skulle vere overkommeleg. Og når det er gjennomført, då skal eg jammen meg lage med ein god middag og vaske klede til eg blir grønn i anletet. Det blir digg.

Eg har forresten ommøblert rommet, evt flytta på senga, og no er det så koseleg å ligge der at eg har lyst til å ligge der heile tida. Eg slepp til og med å stange hovudet i taket. Fæntæstisk! Berre sjå her:

Ingen kommentarer: