torsdag 3. november 2011

Ein pust i bakken

I skrivande augneblikk sit eg på Biblioteket i Bergen, nærare bestemt i musikkavdelinga. Dersom eg har ein time til overs når eg er i sentrum, tar eg lett turen innom her og høyrer på musikk og berre slappar av. For ein treng ein pust i bakken av og til, det er heilt sikkert. Eksamensnervane boblar rundt i kroppen, og eg føler at det er alt for mykje eg skulle ha gjort på alt for kort tid, men det er sånn det er å leve i november. Juleferien ventar om ei månad og seks dagar, så det er ikkje lenge igjen. Det gjeld vel berre å halde inn langspurten, og kvile når ein kan, til dømes akkurat no.

I dag hadde vi praksistrekking. Vi skal vere 10 veker på sjukehus etter jul, og eg var nummer 28 i køen til å velje plass. Eg var ganske nervøs der eg sat, for eg hadde så lyst til å få vere i Bergen, men plass etter plass vart tatt, og eg trudde til slutt at eg måtte omstille meg til å reise til Stavanger. Men det slapp eg, for då eg skulle velje var det heile fire ledige plassar på Haukeland. Eg skal jobbe litt på medisinsk avdeling og litt på kreftavdelinga, og eg merkar at eg gler meg veldig. Det blir sikkert mange utfordringar og mante triste lagnader, men eg skal prøve å ta til meg det eg kan av læring og nytte tida godt.

For tida går det mest i lesing, sosial aktivitet og kor. Vi skal ha konsert med Gospel Bergen i Johanneskirka søndag 11. desember, så då håpar vi på mange folk. I følge øvingane og settlista blir det ein meget variert og god konsert. Det blir ein del ekstraøvingar, men det gjer så lite når det er kjekke folk og god stemning.

Eg har dessverre ikkje bilete å kome med i dette innlegget. Eg plar ta ein del bilder med mobilen, men i det siste har eg ikkje sett så mykje interessant. Strengt tatt skulle eg tatt bilde av vêret i dag, for våren har nemleg kome på besøk til Bergen. Det er 16 grader og sol, så ingen grunn til å klage. Eg har dessverre ikkje fått utnytta det sidan eg har vore inne og jobba med eksamensoppgåver, men eg har i alle fall nytt utsikten. Eg trur ikkje mange byar kan samanliknast med Bergen når det er sol her. Difor er det ekstra godt at eg skal få vere her i praksis, med tanke på at eg skal i turnus til hausten, og kanskje ikkje får vere her meir. Det skal nytast!

Forresten, eg fann eit bilete eg ville ha med. Dette er altså Kristoffer som er i full sving med å sy gardiner til leiligheta si. Eg kjøpte inn gardiner som var for lange, og tenkte at det var null stress å leggje dei opp. Det var veldig stress, og eg vart så oppgitt over heile greia at Kristoffer måtte ta over. Men gjorde ein ok jobb. Det var nok heller målinga og klippinga som var litt halvvegs. Men her er han altså:


Biletet er forresten tatt i leiligheta til Karen Marit og Martine, som er ei av dei finaste leilighetene eg veit om. Dei matchar den godt, og er prakteksempel når det gjeld gjestfrihet!

No merkar eg forresten at eg sit her og pustar veldig høgt. Ein kombinasjon av å sitje med øyretelefonar og høg musikk, i tillegg til at eg har ein tendens til å puste høgt til vanleg er ein dårleg kombinasjon. Eg sender ein beklagelse til dei som sit rundt meg via bloggen min. Eg håpar dei les den alle saman.

Då var klokka såpass mykje at eg må stikke på korøving. Det er forresten kjekt å sjå på statistikken at det faktisk er nokon som les bloggen min. Og ja, det er lov til å kommentere! Berre eit tips.

Ingen kommentarer: