mandag 31. august 2009

Levva livet!


Søndag var eg så heldig at eg vart invitert til frukost hjå herlege Kari. Karen Marit var òg med, og der sat vi og hadde god tid over ein tekopp og monsterbrødskiver (eg skjerte brød, hehe). Det er godt å kunne snakke om alt og ingenting og dei store spørsmåla saman med folk ein er trygg på og er glad i. Godt å kunne le, grine og vere begeistra.

På søndag bestemte eg meg for at eg skal leve livet, og då meiner eg ikkje å slå om livet heilt og til dømes drikke med frå sans og samling eller røyste FrP, men eg skal utnytte dagane betre. Kvar dag får vi 1440 minutt inn på "kontoen". Då gjeld det å bruke dei, for viss ikkje ein brukar dei, så får ein aldri sjansen igjen til å bruke dei (sitat Kari). Då gjeld det å gle seg over det små, og av og til gå får det heilt store. Difor lurar eg no på om eg skal feire påske på Zanzibar. Det er ein fantastisk sjanse til å gjere noko heilt utanom det vanlege. Har eg lyst? JA! Så då blir det spanande å sjå om det blir noko av det heile. Eg håpar det.

Og på toppen av det heile så er Guds nåde ny kvar morgon. For eit liv! Det er herleg.

2 kommentarer:

kari! sa...

SÅ fin bloggen din har blitt :) :)

og jaaaaa.

KOm og møt meg på Zanzibar!!!! MASSE utropstegn for å understgreke hvor viktig det er.

og du?
Astrid, jeg er glad i deg!

Ingvild sa...

Kejkt å lese om korleis du har det, astrid. Tenkjer jo litt ekstra på deg sidan me liksom gjer det same...
Eg merkar og at det er leenge sidan eg har gått på skule. Eg skjønar dessutan at eg har mykje å lære dei nærmaste åra, men det er jo veldig spanande. Me held på med undereks for tida. Ganganalyse, feilstilling i alslags ledd osb.

Kos deg vidare med musklar, ledd, sener, leddband og alt det andre.
Ingvild