søndag 6. september 2009

Mat... mat... MAT!

Av og til har eg dagar då eg berre har lyst på mat heile tida, og gjerne i mengde à la kvalmmett og gravid i sjette månad. I dag er ein sånn dag, men no sit eg på jobb, og sidan vi ikkje kan bestille mat akkurat no, så då blir det med draumen.

Dette kunne eg ha ete i ekstreme mengder i dag:

- Oreokake

- Åshild sin flytande sjokoladesaus (som eigentleg skal vere på is, men som eg syns er god som den er)

- Melkesjokolade med Daim

- Brownies med smelta sjokoladebitar inni

- Brødskiver (eller kakskiv som Karen Marit ville ha sagt) med nugatti
- Rockslide brownie

- Go Nuts (men den finst jo ikkje lenger)

- Rømmegraut

Eg er i grunn glad for at eg ikkje har denne maten tilgjengeleg, for då hadde nok blodsukker, kolesterol og fordøyelse blitt sett ut av spel for ei god stund.

Elles kan eg fortelje dykk at eg har byrja eit nytt og betre liv sånn på årntli. Eg har meldt meg inn i Elixia, som er eit veldig nytt og fresht treningssenter. Elixia er vel kanskje ikkje den billegaste kniven i skuffa, men med rabattavtale gjennom Spice er det overkommeleg. Eg ser på det som ein investering. Sidan eg har shoppestopp fram til jul, og elles ikkje brukar pengane på så veldig mykje anna enn mat, så går det bra. Eg seier som fysioterapeutane si landsforeining - trening er vår medisin! Og faktisk, eg har blitt omvendt. Tidlegare har eg likt trening like godt som å få spysjuka, men no gler eg meg faktisk til neste gong eg har moglegheiten til å trene, altså i morgon. Det er så mange gruppetimar å velje mellom, at eg kan prøve mykje gøy før eg har prøvd alt. Variasjonen er nøkkelen til å ikkje bli lei av å trene. Det seier Per Inge, og eg tar han på ordet. I går var eg på spinning, noko som var fantastisk tungt, men veldig gøy! I morgon skal eg på noko som heiter Easy Step. Elixia har forresten veldig fancy namn på alle timane sine. Det gjer det heile litt meir eksotisk.

Eg merkar no at det var veldig kontrast mellom første og siste halvdel av dette blogginnlegget, men på ein annan måte så er det ikkje det, for eg har jo faktisk ikkje ete så mykje som eg hadde lyst til i dag. Eg er SUNN! I alle fall fram til neste gong eg skal ete.

2 kommentarer:

Åshild sa...

Min sjokoladesaus??? Ja, men da må du bare komme hit på besøk, da:) Vi har gjesteseng klar:) Håper det går bra med deg i Oslo! Godklem

Ingalill sa...

AMEN!