fredag 28. august 2009

Det er nytt for meg å vere student. Har ikkje gått på skulen på to år, og difor er det digg å få bruke hjernen igjen. Spesielt når ein les og puggar på fag der alt er relevant for yrket. Alt frå anatomi til kommuniksjon i grupper. Eg er godt nøgd med studiet og anbefalar det til alle som likar å lese og gå i klasse med folk som trenar HEILE tida. Det siste kan jo vere positivt viss dei får med meg på lasset. Eg har faktisk vurdert å ta ein prøvetime på Krønsj, så vi får sjå korleis det går. Litt kjipt at eg bur så langt frå eit treningssenter, men det skal nok bli ei råd.

Oslo har vist seg til å vere betre enn forventa. Eg saknar Balestrand, men samstundes var det kjekt med noko nytt òg. Gode på kvar sine måtar. Eg trivst i leiligheta, har kome inn i ei god leserytme, byrja i eit fanatisk kor (Manna), får vere masse med Per Inge, får sett mykje til Sygnajentene mine og får bestemme over dagane mine sjølv. I tillegg vart eg positivt overraska over å kome tilbake til Misjonssalen, for der har dei verkeleg satsa på det sosiale i oppstarten, og det er BRA! Då har ein rett og slett ikkje så mykje å klage over, tenkjer eg.

No skal eg ete frukost, skrive eit kort, og deretter kome i gang med lesing.

2 kommentarer:

martha sa...

Elixia ligger ca midt i mellom rosenhoff og carl berner trikkestoppene. det er jo ikke så alt for langt (:

Astrid sa...

Det er sant, men det er så dyyyyyyyyrt :(