mandag 14. mai 2007

Balejazz og vissvass

Denne helga verka det for ein gongs skuld som om det var liv i Balestrand. Balejazz folkens. Då vaknar folket til og folk kjem tilreisande og lagar liv. Eg var i år berre på ein konsert; Morten Abel. Det var kanskje verd 200 kroner, men ikkje 335. SÅ bra var det ikkje. Elles har eg vore litt nede i bygda og sjekka ut livet og vore tilskuar til mykje fyll og diverse utdriting. Til trass for bråk og styr var det ei artig helg.

Så til vissvass-delen. På søndag skulle eg ta buss 07.30 for å rekke konfirmasjonen til fetteren min Daniel heime i Knarvik. Daniel er ein av søskenbarna eg er tettast knytta til, og difor var det litt viktig at eg møtte opp. Kor tid vaknar eg dagen eg skulle reise? 07.30. Oisann, stemmer, det var når bussen gjekk. Etter mykje fram og tilbake fekk eg sitje på med Arve og Sigbjørn til Knarvik. På turen tok vi mange flotte bilete, og dei prøvde å køyre frå meg medan eg var på do, men etter kvar kom vi oss fram til konfirmasjonen... som var over for over 1 time sidan. Eg tenkte som så at når eg først var der, måtte eg jo møte konfirmanten, så vi køyrte til Seim og sa hallo til Daniel før vi køyrte heim til familien Bjørke for kake og kveldsmat. Fetteren min, Øystein Eikli, var heime, så det var ein fin Sygnagjeng beståande av Øystein, Arve, Sigbjørn og Astrid som spelte kort og såg på dårlege youtube- filmar.

Her er eit nydeleg bilete av oss:

2 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Morten Abel er bare merkelig, og den mest homofile mann i Norge som ikke er homofil.

Siggy sa...

Hehe, det va ei go helg det der! fint bilde du hadde der btw. eg syns abel va bedre sist gong, men han rocka hardt denne gangen også!