lørdag 19. mai 2007

Tid for skippertak!

No er russetida over, feiringa er gjennomført og ein haug med russeknutar er passè. Kva skjer då? Jo, då er det tid for eit megastort skippertak som inneber øving til prøvar, lekser, rapportskriving, eigenvurderingar og masse armhevingar.

Nett no har eg ein liten pause frå øving til ein stor kjemiprøve eg skal ha no på torsdag. 90 sider, ikkje meir ikkje mindre. Eit flott tal ikkje sant? Thorium er grunnstoff nummer 90. 90 kan ein dele på både på 1, 2, 3, 5, 6, 10 og mange andre tal og likevel få eit heilt tal i svaret. Er ikkje det flott?

Sjølv om eg er midt i eit skippertak kan ikkje det hindre meg i å mimre litt. Her er nokre nøye utvalgte bilete frå russetida:









3 kommentarer:

Anonym sa...

Aaah, ONE TREE HILL! bedre blir det ikke. Heldige du, fikk ikke et sjarmerende munnsår av teipen når stillheten senket seg.

Men fy søren, det er digg at russetiden er over. Nå kan vi bruke ALL tiden vår på tv-serier, facebook, sjokolade og alt det vi gjorde før 27. april;)

Ze Brosowic sa...

oi oi oi.. Føle one tree hill har hatt negativ påvirkning på deg.. tidens mest romantiske scene frå one tree hill? I think not. Elles må eg få sagt at skippertak er ein god ting og for ikkje så lenge sia kom det et nytt grunnstoff. Heilt sant. men det visste du vel allerede:D Blir litt bekymra for eg når du drar inn matte og kjemi i bloggen din, men slår meg til ro med at du sikkert var i dei tankebaner pga kjemiprøva du skulle ha. Artig sidespor: jo raskare eg skriv, jo færre feil skriv eg. det er først når eg skriv sakte at alle skrivefeila popper opp. mystisk.
ser ut som du hadde ei god russetid. Ikkje at det er så vanskeleg, tatt i betraktning at det einaste ein verkeleg skal konse på då er nettop å ha det artig.. men likevel.

PS: og som sanitetsmann må eg berre sei at du må la det såret ditt få lov å gro. Altså, slutt å pirke. ok?

Stine Elise sa...

Veldig bra:) Skippertak er ein fin ting.

Vert du med til byn i helga? Eg skal heimatt trur eg ganske sikkert. Men eg reiser ikkje før på fredagen då, men då er laurdag ein fin dag å gå i byn og bruke litt penger. Pluss at det er meldt regn... Freistande?

Au revoir! (usikker på stavemåten der, menmen.)