tirsdag 17. september 2013

Innflytting og gåvekaos

Vi er på veg til å flytte inn i hus (Pål Sverre har forresten bursdag i dag. Hurra!). Flytting inneber mykje, mellom anna det å gå gjennom alle ting ein har. For ting må ha plass. Ein eller annan stad må det plasserast, og dersom det ikkje er ein høveleg plass, må det få ein ny eigar eller hamne på søppelplassen. 

I denne prosessen går det alltid opp for meg kor mange ting eg har. Og det slår aldri feil: 80% av tinga eg pakkar opp, har eg som oftast gløymt at eg eig. Eg kunne sikkert klart meg fint utan, og med dette hatt mindre å uroe meg over. For det er eit faktum at di meir ein har, di meir har ein å misse. Så på mange måtar er ting ein byrde, sånn med tanke på at ein uroar seg over noko som skal forgå - sånn i evighetsperspektiv. Og som kristen, ønskjer eg å leve i eit evighetsperspektiv. Livet mitt handlar om meir enn her og no, om glasboller, bestikk og vaser.


Midt i all plassering av ting og tang, vart eg rett og slett litt lei meg. Kanskje ein litt rar reaksjon som nygift og fersk huseigar. Men det slo meg at eg brukte tid på å binde meg til forgjengelege ting. Då kom eg på denne songen:


Om jeg eide alt men ikke Jesus

Tror du det var nok å stole på?
Kunne dette hjertet tilfredstilles,
med de ting som skal så snart forgå?
Om jeg hadde alt men ikke Jesus,
Å hva vinning var det for mit vel?
Hva er hele verden mot å eie, 
Fred med Gud, og frelse for min sjel!

Om jeg eide rikdom makt og ære

Og blant mennesker et æret navn
Men ei noe håp for evigheten
For seilasen ingen sikker havn
Om jeg eide, alt men ikke Jesus
Og Hans kjærlighet til korsets død
Å hvorhen i hele vide verden
Skulle jeg da fly i dødens nød?

Å hvor tomt er alt i denne verden

Uten Jesus, synd og sorg og nød
Uten Jesus blir og evigheten
Bare mørke gråt og evig død
Om jeg kunne leve uten Jesus,
Hvordan skulle jeg vel dø engang?
Uten Jesus i den mørke dalen
Uten Ham i evigheten lang

Men nå har jeg alt, ja, alt i Jesus

Legedom for alle hjertesår
Ingen synd som ikke han forlater
Ingen nød som ikke han forstår
Om jeg eier Jesus, bare Jesus
Og i hele verden intet mer
Å så eier jeg dog alt i Jesus
Han som liv og overflod meg gir!

Eg gler meg over alt vi har fått til bryllaupet. Eg gler meg over å kunne bygge ein heim i eit koseleg hus. Det er ikkje anna enn teikn på at eg får leve eit liv som er rikt velsigna på alle måtar. Eg slepp å vere uroa for om eg har mat på bordet i morgon. Eg manglar ingen ting for at kvardagen skal kunne surre og gå. Men aller størst er gleda over det faktum at eg får kalle Gud for min Far - at eg er Guds born. Det er det som verkeleg gjev meg fred i hjarte og sinn. Det er det einaste som held i evighetsperspektiv. Og det Han som skal ha æra i livet mitt. 


Takk, Gud!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så sant, så sant, Astrid! Og for ein herleg song. Har sunge han, men hugsar ikkje melodien. Klem frå Elisabeth

Anonym sa...

Eg plar synge den til "Det som brest, kan Jesus binda saman". Den passar perfekt og er meir lystig enn den opprinnelege melodien. God synging :)