fredag 31. august 2012

Fræskhuset

I dag kom eg inn på Friskhuset blaut som eit katt. Det regnar i Bodø, og då regnar det sidelengs, noko som gjer at ein blir ekstra utsett når ein syklar. Sidan ein syklar sidelengs. Eg sparka av meg støvlane i yttergarderoben, og fann fram drikkeflaska. Det gjekk fint. Men då eg skulle ta av meg regnbuksa presterte eg å dra med meg shortsen i same slengen. Så det gjekk ikkje så fint.

Men elles går det fint! Det går og det skjer, dagane flyg.

Mellom anna kunne rettleiaren min, Vigdis, fortelje meg kva som kom først av høna og egget. Det var egget. Så då kan de slutte å gruble på det, folkens. Egget, it is!

I dag, etter eg hadde gjort ferdig treninga (med shorts), tok eg sykkelen fatt og sykla bort på Normisjon sin forsamling, Betania. Det var før eg kom på at eg var i Bodø. For der var alle over 60 år og såg på meg med store auge då eg kom inn. Men det var berre koseleg, og det var fantastisk å vere på eit bedehus igjen. Vi sat med kvar vår blå sangbok, og folk sang av full hals. Og i motsetting til mange ungdomsforsamlingar, kom nesten alle og helste på meg etterpå. Ein fredag godt brukt.

Førre helg var eg og to frå forsamlinga mi på Rognandagan. I Rognan. Der som "Alt for Rognan" blei spelt inn. Men utanom det faktumet er det ikkje så mykje å seie om Rognan, sånn til vanleg i alle fall. Dei hadde nok slått litt ekstra på stortromma på Rognandagan, for det var både korps, amerikanske bilar og trebåtar. Men grunnen til at vi reiste dit var kanskje først og fremst for å ete møsbrømlefse, den lokale lefsehelten. Det er ei tynn lefse med prim, rømme og smør. Skal ikkje stå på kaloriane der, men fytti så godt det er! Absolutt verdt ein god time på motorsykkel.

Nokre bilete frå siste tida:

Sidan eg ikkje druknar i pasientar her oppe har eg god tid til å lese på det eg vil.

 Leiligheta eg bur i er ikkje akkurat vakker, 
men den har skråskap på kjøkkenet, 
og eg tykkjer eg er veldig fint.

 Ja, her bur eg. Flotte blokka!

 Kjendisjakten min har sjølvsagt ikkje pause berre fordi eg er i Bodø.
Her er det jo kjendisar i fleng, mellom anna Pelle Politibil.
Ja, og så har eg sett Halvdan Sivertsen. Trur eg.

 Det er ikkje akkurat stygt i Nordland.
Fin sykkel har eg fått meg òg. 

 Skal ikkje stå på trekkspel.

 På mine mange ufluktar med sykkelen min ser ein litt av kvart,
mellom anna denne hesten. 
Det er mange hestar her. 

 Eg hadde min første langtur som motorsykkelpassasjer
førre helg, då vi reiste til Rognandagan.

 Her er Kjetil godt i gang med møsbrømlefse og kæffi.
Kosar seg!

Harryfaktoren manifisterte hjå meg som ein enorm latterkrampe
då vi plutseleg gjekk rundt på ei utstilling for amerikanske bilar.

 Sameeffektar. Mange sameeffektar.

 Vi blei lurt av nokre samar til å kjøpe reinwrap.
Den smakte svette og tyttebærsyltetøy. 
Dyr var den òg.

 Latterkrampe og bil.

Katten får sin siste sjanse på Rognan.
Heia katten!

I morgon ventar eit nytt av fjella som Saltendistriktet har å by på. Deretter ventar festkveld på Betanien (der eg var i går). Har høyrt rykter om god mat og blomstrete skjørt. Kanske vil Mallorcablusen dukke opp? Kven veit? Det meste kan skje i Bodø!

6 kommentarer:

Ingrid Asdahl sa...

Eg klikka på alle ikona!-så beklager, det er berre ein som har stemt... Heia nord-norge! Vi satar på at du blir heilt hekta, og blir verande. Ingrid

Ingrid Asdahl sa...

...hels Kjetil! og ta gjerne med litt lefse til meg, om mogleg...

Astrid sa...

Hehe, så koseleg at du gjorde det, Ingrid! Eg kan jo late som om det var fleire ;) Det skal eg gjere! LEfse blir kanskje vanskeleg, men eg skal helse Kjetil.

Anonym sa...

"Han e snadder han Pelle" :)

Astrid sa...

Og kjøre på vei og gate! Haha, hugsar den, ja :)

Astrid sa...

Anonym du liksom!:)