tirsdag 21. august 2012

Bale, Bali og no Bodø

Det er rart med det, men lista over plassar eg likar veldig godt byrjar å få ein overvekt av namn som byrjar på B og har 4 bokstavar. Bodø har føya seg inn i lista i løpet av dei 8 dagane eg har vore her til no.

Snakk om å få ein varm velkomst! Då eg landa på flyplassen vart eg henta av Øivind, som er gift med Elisabeth. Eg fekk bu hjå dei den første natta sidan hybelen ikkje var heilt på plass. Eg fekk låne bil av Kjetil til å flytte tinga mine, kome meg til jobb, og alt anna ein treng bil til dei første dagane.

Og sidan har det gått slag i slag med fjellturar, grilling, tacokveld, beachvolleyball med meir. I tillegg har eg kjøpt meg sykkel, og den har blitt min nye yndlingsting (overtatt trona etter iPhonen). Eg har brukt den kvar dag sidan eg kjøpte den, og har fått sett mange fine område i utkanten av Bodø. Har allereie planlagt fleire ruter eg har lyst å få sykla, så eg skal nok ikkje få mykje tid til å kjede meg!

Å vere turnusfysioterapeut er ein fin ting. Når ein er ferdig på jobb, då er ein ferdig, og det betyr at ein ikkje må gå rundt med dårleg samvit over alt ein skulle ha lest, levert inn osb. I staden for å kjenne på orket over å lese, har eg no byrja å kjenne på lysten til å lese! Det er ikkje feil. Så for tida les eg mykje om psykomotorisk fysioterapi. Eit spanande og stort fagfelt som eg har mykje å lære av.

Elles snakkar eg visstnok fort og utydeleg, og høyres ut som om eg kjem frå finland. I tillegg har eg igjen fått oppleve å bli spurt om eg ville ha barnebillett på bussen. Eg takka som vanleg nei, og vart igjen minna på at det kanskje var på tide å kvitte seg med den rosa regnjakka.

Bilete kjem når eg får internett. No vart det berre tekst. Eg har forresten lagt ein strategi for å få blggen opp igjen på eit leveleg nivå, så då er det berre å klikke innom med jamne mellomrom, så vil det nok kome fleire oppdateringar enn det har gjort dei siste månadane.

Ingen kommentarer: