lørdag 31. mars 2012

Ny blitt

I dag har eg både eg leiligheta blitt ny. Eg fann ut at eg kunne like godt gjere ting skikkeleg i dag. Så først gjekk eg til frisøren og klipte av 10 cm med hår. Vart til og med veldig nøgd med resultatet!

Leiligheta vart vaska i Askepott-stil. Med andre ord: Eg gjekk på kne og gnikka og gnurte med klut til alle flekkar og så mykje støv som mogleg var vekke. Listar, tangentar, stolar, instrument, fliser, veggar, det aller meste fekk ein omgang med kluten. No er eg i grunn veldig nøgd på alle måtar, og klar for ferie.

Eit par bilete til slutt:

Sånn såg eg ut i går. Fann ut eg måtte gjere noko drastisk.

Kl 11.30 dagen etterpå såg eg sånn ut. 

Dette gjorde eg i går.
Intervalltrening i Svartediket, 10 minutt frå leiligheta. 

Leilighet i solskinn, utan støv og spindelvev. 

God palmehelg!

Ingen kommentarer: