fredag 30. mars 2012

Pausefyll

Fortvil ikkje, eg slit ikkje med overdrive inntak av alkohol. Eg trengte berre noko fylle pausen med frå skriving av bacheloren min. Så då blei det, ja, skriving av blogg.

I dag sit eg med siste fasen av den kanskje enklaste delen av oppgåva mi. Eg er godt i gang med transkribering av det siste av dei to intervjua eg gjorde førre veke i Oslo. Ja, for eg har vore i Oslo ei veke. Når eg tenkjer meg om kan jo det forklare kvifor eg har vore litt fråverande på bloggfronten den siste veka. Eg har per i dag 10 minutt igjen å transkribere av det siste intervjuet. Og du tenkjer du kanskje at "hallo, det kan jo ikkje ta så lang tid! Kom deg ut av bloggen og inn igjen på open office". Men kjære deg, dei siste 10 minutta tar faktisk 1 time å transkribere. Så eg unnar meg ein pause med godt samvit.

Osloveka var etterlengta på mange måtar. Eg hadde ikkje sett K på lenge, og kjente eg hadde veldig godt av det fine vêret som Tigerstaden kunne tilby. Årets første fregner er på plass. Eg likar det.

Martine og Karen Marit opna den fantastiske leiligheta si opp for meg nok ein gong, og eg var så heldig at eg fekk bu der heile veka. Eg seier det igjen: Meir gjestfrie folk skal du leite lenge etter. Ikkje berre fekk eg bu der, men eg reiste frå der med nyvaska klede! I tillegg fekk eg streng beskjed om å hjelpe dei med å ete opp ein del sjokolade dei hadde liggande. Trudde frå tid til annan at eg hadde kome til himmelen.

Men let's face the facts: Folk likar best bilete. Så her kjem nokre:

Ein flott lapp på ei oppslagstavle. 
Den har liksom så mykje ro over seg. 

Som student kjøpar ein ikkje mat på toget. 
Då raskar ein med seg det som ein finn i kjøleskapet, 
og kosar seg med det.  

Kristoffer ville helst ikkje ta bilete med meg. 
Her sit vi forresten på operataket og steikar oss i sola. 

Men eg fekk sneke han med på nokre bilete seinare i veka.
Her dansar han mot vår i Sofienbergparken. 

Så spelte vi scrabble og grilla.
Og kledde oss ut som masaiar. 

Og så klipte Kristoffer seg hos ein frisør som ikkje kunne engelsk eller norsk, 
men som tydeligvis hadde både gradskive og linjal med i arbeidet. Eg lo. 

Maren og Karen Marit diska opp vitgryte på ein vanleg onsdag.
Vi var 10 til bords, og alle vart mette. Nett som i Bibelen. 

Kristoffer ringte meg på toget: "Om du tar hatt bankkortet mitt?"
Det hadde eg. Sjølvsagt ikkje med vilje. Så han må reise kortlaus til Israel. Jaja. 

Kristoffer har òg fått seg iPhone, 
og har med dette byrja teiknekarriære på Draw Something.


På søndag skal eg ut og besøke Nordsjøfartmuseet og høyre om stemma mi passa inn i utstillingane. Spanande! Men no må eg transkribere vidare. 

Ingen kommentarer: