torsdag 5. april 2012

Kjærleikens dag

Då var vi allereie kome til skjærtorsdag, kjærleikens dag. Dette er dagen då Jesus innstifta nattverden, vaska føttene til disiplane, og måtte gå gjennom ein forferdeleg tung psykisk kamp då han visste kva han måtte gå gjennom dagen etterpå med korsfesting, svik, tortur og pine. Disiplane svikta han gang på gang, men likevel svikta ikkje Jesus dei. Han er Gud, han er kjærleik. Godt han ikkje er som oss!

Påskestemninga på Seim er.. Eg veit ikkje heilt korleis påskestemning skal vere når eg tenkjer meg om. Familien sine planar blir så tilfeldige frå år til år, så dei store påsketradisjonane har vi ikkje klart å innføre trur eg. Med unntak av påskesnop. Vi har alltid påskesnop. Og så går vi på møter eller gudstenester. I kveld skal vi på nattverdsmøte, og det trur eg blir veldig fint.

Men ja, det går inflasjon i sjokolade. Freistingane står i kø. Men no har mamma (etter min ordre) pakka vekk all sjokoladen, så eg får berre vente til laurdagen og påskaftan kjem, for då er det påskeegg på gang. For ei lykke. Ein haug med gratis godteri!

Sidan sist har eg vore på Nordsjøfartmuseet for å høyre med sjølv på Audioguiden. Eg er i grunn nøgd med resultatet, og det var kjekt å høyre historien i samanheng. Sidan eg berre las inn halvparten av tekstane var det mange ting eg ikkje heilt hadde fått med meg. Det var verkeleg ei sterk historie om familiar som vart splitta, der fedrene vart sendt til konsentrasjonsleirar, mødre og små barn til ein plass, og dei større barna til ein plass. Etter 3 år vart nokre av dei gjenforent, og eg kan ikkje ein gong prøve å forestille meg kor stor den gleda må ha vore. Måtte kjempe litt med tårene der eg gjekk rundt mellom dei ulike utstillingane. Vi er utruleg heldige som har det så godt!

I går var eg, Joel, Anna Oline og mamma på bytur. Det vart ein klassisk tur med pizza og kino. Stor suksess begge deler! Spesielt isbuffeten. Den fekk eg dessverre ikkje ete av sidan eg vart rekna som vaksen, noko eg vart ganske snurt for. På kvelden besøkte eg Solbjørg som eg jobba med på Sygna. Saman med Eline, Magnus og Yngve vart det ein fantastisk spelekveld etter gamalt med tidenes lengste runde av Gin&Rummy. Lenge leve kortspel! Eline og Magnus har forresten kjøpt seg hus. Gratulerer!

No skal eg jobbe med bacheloroppgåva. Sjølv om det er høgtidsdag. Rett og slett fordi eg syns det er kjekt, av alle ting.

God påske!

Ingen kommentarer: