fredag 28. oktober 2011

Helgero

No har Gunhild og eg vaska og rydda til helg. Sengetøy er skifta, do og golv er skrubba. Sushi og is ligg trygt plassert i magen, stearinlysa er tent, og idol er på fjernsynet. Ein kan ikkje anna enn å elske fredagar.



I morgon får vi 8 gjestar til laurdagsgraut, og vi har kjøpt inn mange, mange liter mjølk. Etter grauten reiser eg med Gospel Bergen til Norheimsund der vi skal synge på Rejoice. Det har eg gledd meg til heile veka, og eg håpar det står til forventningane, noko eg trur det vil gjere.

Forresten, i dag drukna eg nesten på veg til skulen. Det var så gale, at viss eg skulle overleve, og det måtte eg fordi vi hadde obligatorisk oppmøte på skulen, så måtte eg ta BUSSEN til skulen. Eg unngår for alt i verda kollektivtransport viss strekninga er under 4 km. Men i dag måtte det berre til. Då fekk eg sjølvsagt smerteleg oppleve ein av dei andre grunnane til at eg ikkje tar bussen, nemleg ventestresset. Når ein brukar apostlenes hester har ein full kontroll over situasjonen, anten om ein er forsinka eller ikkje. Men når ein ventar på bussen, då veit ein ingen ting. Då kan det vere at bussen allereie har gått. Eller det kan vere at bussen kjem 10 min seinare enn det rutetabellen viser. Og ingen kan gje deg svar. Det er ingen å ringe. Ikkje ein gong pappa har svar. Ressursane er mindre enn situasjonen krevjer. Det er stress i sin reinaste form, og eg avskyr det som pesten. Så eg er ein fotgjengar. Så enkelt er det. Med mindre ein held på å drukne og har obligatorisk oppmøte. Då kan ein strekkje seg litt lenger.

Uansett, det er i alle fall reint i leiligheta. Strøkent. I like!

Ingen kommentarer: