tirsdag 25. oktober 2011

Berre fordi det er kjekt å google

No skal eg eigentleg lese sjukdomslære, men som vanleg er det 1000 andre ting som har vist seg å vere mykje meir interessant, til dømes å google. Ein kan få svar på så mangt på google, og i dag fann eg ut at eg ville spørje google kva eg kan. Så eg googla "Astrid kan". Og her er elleve av svara. Personleg likte eg best nr. 11:
  1. Astrid kan se hatten til Ida
  2. Astrid kan gå på vannet
  3. Astrid kan trene som normalt i løpet av høsten (doh!)
  4. Astrid kan fortelle om mange spesielle opplevelser
  5. Astrid kan sine saker og anbefales som digitalt hode
  6. Astrid kan ha en unge på si
  7. Astrid kan du se ferievideoer av
  8. Astrid kan også treffes på sms
  9. Astrid kan fortelle at det var vel så varmt for femti år siden
  10. Astrid kan være emosjonell, trist, deppa og lei seg
  11. Astrid kan greie seg lenge dersom ho får gjennomført sin klagesang kvar tredje veke


    Dette tykkjer eg du òg skal gjere! Kos deg.

Ingen kommentarer: