onsdag 14. september 2011

Dueteiknet

No byrjar det å gå mot haust, for fuglane rundt Lille Lungegårdsvannet har byrja å gå sånn som dette:


Då er dei forresten veldig søte, og her om dagen var det like før eg plukka opp ein og tok den med heim, men så gjorde eg det ikkje likevel, og det var pga:
1. Eg har ikkje fuglebur
2. Eg trur ikkje Gunhild hadde blitt så glad av å ha ei due i leiligheta.

Så eg droppa det.

I helga var eg på langhelgsbesøk i Oslo. Det var ei helg for å prøve nye ting. Eg jogga for første gong i Oslo. Det var veldig ok, og eg lærte mange nye gatenamn. Kristoffer prøvde sushi for første gong. Her sit han og anar fred og ingen fare og les om forforsko frå Löplabbet:

Ja, og her skulle det eigentleg vere eit bilete, men macen min ville ikkje ta imot det frå mobilen. Han likte det sånn passe godt.

På toppen av det heile malte vi kjøkkenet hans. Det var heller ikkje så lett som ein skulle tru. Han visste at han ville male det grått, og tenkte at det vart plankekøyring. Dessverre er det utvikla om lag ein million ulike gråfargar, så å finne den rette var ikkje enkelt. Etter tredje forsøk (med prøvespann vel og merke), gjekk det sånn ca bra. Så då var det gjort. Greit med alt som er gjort.

No sit eg i grunn berre og ventar på at tida skal gå før eg skal ete middag med Martha Berit i sentrum. Eigentleg er det mange ting eg kunne gjort no som er meir fornuftig, men det får heller vente. Det måtte vente i morgon òg, for då vart eg hekta på tv-serien Big Bang Theory. Eg fekk ikkje gjort noko som helst fornuftig.

Til helga ventar bli-kjent-leir med Salem og Pit Stop i Betlehem der eg skal halde seminar. De som ber kan gjerne bli med og be for begge delar.

Dei som er spesielt interesserte kan lese saka avisa Nordhordland skreiv om meg for ei stund tilbake. Den er dessverre full av løgnar, til dømes at eg har gått 7-fjellsturen fleire gonger. Eg har gått den turen ein einaste gong, og det var grusomt, så det fristar ikkje til gjentaking. Men på den andre sida så fekk eg t-skjorte då, i motsetning til på Knarvikmila. Der fekk eg berre ein pose med havregraut. Men uansett, versågod og les:

http://www.nordhordland.no/sport/article5725733.ece

Den dagen fekk eg forresten gnagsår i øyrene etter øyreproppane. Satsar på at det går vekk snart. Og til dei som lurar: Eg er uendeleg lei av å springe.

Ingen kommentarer: