fredag 2. september 2011

Flomvarsel

I morgon skal eg springe 2,1 mil same dag som det er varsla flom. Mykje regn altså. Just my luck. Men som barn av Vestlandet har eg vore ute ein regntung dag før, så eg satsar på å ikkje drukne. Får vurdere å ta med flytevest. Knarvikmila står for døra, og heile Nordhordland står på hovudet. Aleksander Rybak er til og med på plass og skal spele for folk og fe. Då er det fest. Knut Arild Hareide kjem òg. Eg diggar kjendisar, så då er eg på rett stad til rett tid denne helga. Springinga i morgon er i grunn berre for å ha prøvd å springe halvmaraton før eg skal springe i Oslo. Det blir spanande. Men før den tid brukar eg kvelden på å trykke meg ned i sofaen til tante Margaret og onkel Mikal.



Eg har forresten byrja i eit nytt kor. Eg syng fortsatt i Gospel Bergen, men eg har byrja i eit til. Ein søndag skulle eg følgje Ragnhild Sofie på ein sangaudition. Eg skulle sitje utanfor og vere psykisk stønad. Medan eg sat og venta, kom eg i snakk med ei av damene som organiserte prøvesyngingane, og ho spurte om eg òg ville prøvesynge. Det hadde eg i utgangspunktet ikkje lyst til, men både ho og Ragnhild Sofie fekk etter kvart overtydd meg. Så utan å ha førebudd meg i det heile, vart eg kasta inn til ein særs seriøs og alvorleg musikar som viste seg å vere dirigenten for koret. Eg måtte synge ein haug med ulike oppvarmingsøvingar, men det var i grunn over på eit blunk. Litt seinare på kvelden ringte det ei dame og fortalte at både eg og Ragnhild Sofie hadde fått plass som 1. altar i Bergen Filharmoniske kor. Det var ikkje feil. Vi vart glade, og er glade, men er ikkje så glade over at vi må gå med skjørt eller kjole som går til anklane når vi skal opptre. Men ein blir vel van med det òg. Vi er tilpasningsdyktige begge to. Og tenk, øvingslokalet er Grieghallen. Klasse!

For tida merkar eg at eg byrjar å bli vaksen. Eg må tenkje på turnusåret, og det faktum at eg snart er arbeidsdyktig og må ut i arbeidslivet. No more "eg kaaaaaan jo skulke den første forelesninga". Ikkje at eg gjer det. Eg går på skulen som seg hør og bør, men det er så digg å berre ha moglegheita til å kunne sove litt lengre. Men vaksen må ein jo bli ein gong, sånn er livets gang.

Gunhild er min nye sambuar. Ho er sunnmøring, og skal bli lege. Ho har diverre litt større føtter enn meg, så eg kan ikkje låne sko av ho, men ho er veldig grei på mange andre måtar. Ein praktisk ting ved Gunhild er at ho ikkje har luktesans. Med dette kan eg snakke med ho om morgonen uansett kor dårleg ånde eg har. Ellers er ho ei av dei mest morosame eg veit om, og vi likar å ete honning og alt anna som heiter mat. Her er eit bilete av Gunhild:



I går var det duka for premiere for 4-stjerners middag for meg, Gunhild, Simon og Espen. Simon er broren til Kristoffer. Han er singel. Espen har flytta inn på rommet der Kristoffer budde før og putta inn ein sykkel der. Han er òg singel. Han var forresten den som sto for kveldens program. Vi fekk laks og eggerøre, wok og ein himmelsk heimelaga milkshake. Mette og gode tok han oss med på ein blåtur i sentrum, som endte i ein kinobesøk. Vi såg "Hodejegerne". Den var bra. Meget bra. Blodig, men bra. Til slutt filma vi ein og ein der vi gav kommentarar om kvelden, og til slutt terningkast. Ingen får lov til å sjå på filmane før vi har hatt siste middag. Vi skal ha ein middag kvar månad, og i desember skal vi telje opp poenga og kåre ein vinnar. Vinnaren vinn ein premie, men vi har ikkje heilt funne ut kva det skal vere enno. Har du forslag, er det berre å kome med det/dei.

Elles så har eg lært meg å hekle. Her er eit bilete av Kristoffer der han brukar ei hue som eg har hekla til han. Biletet er forresten tatt av Olav Helgevold Aslaksen (han er fotograf, og namnet er ei lenkje, så trykk på den og sjå kor flink han er).



Elles så er det veldig, veldig mykje som står på tapetet i haust, men tida strekk til for den som brukar den. Heldigvis er det så og sei berre kjekke ting eg skal vere med på, og eg gler meg til mange nye utfordringar. Livet er spanande, og det byr på så utruleg mange moglegheiter. Det gjeld berre å gripe dei. No skal eg gripe etter litt kveldsmat før eg satsar på ei god natt. Vi bloggast.

Ingen kommentarer: