søndag 25. september 2011

Åtvaring:

I dag prøvde eg noko nytt - å sprekke på halvmaraton etter 6 km. Eg fekk god tid til å evaluere korleis dette kjentes dei neste 15 km, og eg kan konstantere at det anbefalast ikkje. Etter 6 km fekk eg ikkje pulsen under 195, og det seier jo seg sølv at det kunne ikkje holde i lengden. Så eg måtte senke tempoet i håp om å kome under 190 i puls. Eg klarte det av og til. Fekk litt dårlegare tid enn i Knarvik, men eg kom i mål og er godt nøgd med det.

Men no er straffa mi tatt etter sjokosprekken, eg kan ete så mykje sjokolade som eg berre orkar, og eg slepp å ha eit halvmaraton hengande over meg og dagleg måtte kjempe mot treningsmotivasjonen. No skal eg berre kose-trene, jogge småturar, gå på spinning igjen, og trene styrke (ikkje minst).

Så no ventar eg berre på at Kari skal gjere eit eller anna for å gjere opp for si straff. HINT HINT!

Ingen kommentarer: