onsdag 24. november 2010

Og valet er tatt!

Stemninga var hårreisande spanande før valet av praksisplass i dag. I alle fall i følgje Camilla. Christine snudde heller det andre kinnet til.

Sidan alle skulle gå inn ein etter ein og velje, vart det ein god del venting. Desperasjonen steig etter kvart i rommet, spesielt i vestre hjørne.

Kor vil du? Kor vil du viss du ikkje får reise dit? Reiser du dit viss den personen blir med? Legg merke til den store treningskle/sko-faktoren. Dette er ein heilt vanleg dag på skulen, så sånn kan ein gå kledd kvar dag. Digg!

Christine sat klar med ei fin, fargelagt liste over praksisplassar. Ho strauk ut plassane etter kvart som dei vart tekne, sånn at vi til einkvar tid kunne ha oversikt over kva som sto igjen.

Då det omsider vart min tur, hadde eg 28 plassar å velje mellom, og eg velde...

Masfjorden!

Ei perle av ein kommune i Nordhordland. Om lag 1500 innbyggjarar, ferge, butikk, storslått natur og to, forhåpentleg vis, veldig koseleg fysioterapeutar eg skal jobbe med i dei 3 månadane eg skal vere der. Ja, det er i gokk, men eg har verkeleg trua og er roleg for at eg har gjort eit godt val. Det sto i alle fall i brevet frå kommunen: Gled dere! Dette blir ein variert og spennende praksis. Satsar på det. Og på fint turvêr.

1 kommentar:

Stine sa...

SÅ KULT! det er jo heilt nydeleg der. å, AstridPastridPotet, eg saknar deg. <3