onsdag 1. desember 2010

Fridom for 80 kr


Eg plar ikkje bli så frykteleg nostalgisk i grunn. Er ganske flink til å leve for dagen i dag. Men når ein ligg sjuk 1.desember og ikkje kan gjere noko til eller frå for å førebu seg til eksamen, då må eg innrømme at eg lengtar etter betre tider.

Tidleg i sumar hadde eg nokre av dei beste dagane. Eg var nett ferdig med siste eksamen på HiO, og sidan det ikkje gjekk så hakkande gale, så kunne eg puste letta ut og slapp å tenkje på at eg skulle ha gjort ditt eller datt. Eg hadde òg skaffa meg bysykkelkort. Fridom for 80 kr. Det var to veker der eg hadde leiligheta for meg sjølv, var i praksis hjå onkel Gustav og lærte og lærte. Viss eg plutseleg fekk fri nokre timar på dagen, så var det berre å ta seg ein bysykkel og sykle gjennom Frogner og til Bygdøy i nydeleg solskinn. Eller kanskje vart det ein kaffe mocca på Deli. Nyte varmen, sjå på dei flotte husa på Oslos beste vestkant, ete oreokake berre fordi eg hadde lyst på, eller berre liggje på graset og sjå på skyene. Sitje i leiligheta og tenkje at eg må lese til eksamen, for så å kome på at den var over. Ha heilt tomme dagar. Ha tid og overskot til å trene så mykje som eg berre ville på tidenes treningssenter med friske blomar og levande lys i garderoben. Kunne gå lange turar gjennom med gode vener ein laurdagskveld og ikkje tenkje på morgondagen. Feire seg sjølv med å kjøpe seg ny bukse. Middag på Bygdøy med Mannastyret utan noko å rekke etterpå. Tid til å bake rundstykker og lage proteinpannekaker.

Sukk. Det var tider, det.

Eg kan ikkje noko for det, eg saknar den fridomen.

Ingen kommentarer: