tirsdag 23. november 2010

Morgondagen og ei stor avgjerdsle

I morgon er det ein dag for dei store avgjerdslene. I morgon skal eg nemleg velje kvar eg skal tilbringe januar, februar og mars 2011. Då er det nemleg praksis som står på timeplanen, og vi på fysio er så heldige at vi blir spreidd ut over heile vestlandet, og ikkje berre på dei sentrale plassane av vestlandet. Neida, skulen har klart å gjere det slik at vi blir skvist inn i kvar lille krinkel og krok som ein kan oppdrive. Ikkje ei einaste lita bygd skal kjenne seg gløymt.

Det heile går føre seg ved at ein og ein student går inn i eit eller anna rom og vel ein plass etter tur. Køummeret har vi trukke, eg er nummer 31, og det betyr at eg er ca midt i køen. Eg er så utruleg spent på kva som står att av praksisplassar når det er min tur, så eg er ganske gira på at dagen i dag og natta skal gå fort sånn at eg slepp å leve i usikkerheit og spekulasjon lenger.

Men for all del, det er jo ting som har vore positivt med denne ventetida. Vi har verkeleg fått eit innblikk i geografien her i vest, og i klassen har det alltid vore noko å snakke om og spekulere over. Men eg satsar på at vi finn noko nytt å snakke om. Trur i grunn ikkje det skal bli noko problem.

Kryss fingrar og fald hender for at eg hamnar der det er meint at eg skal vere! No skal eg aktivisere meg litt for å få kvelden til å gå fort.

Ingen kommentarer: