søndag 1. august 2010

Spanande tider forut!

I går hadde eg siste dagen min på Safari for i sumar. 5 veker, ingen sjukedagar, berre rein skjer arbeidsmoral. Eventuelt rein skjer mangel på pengar. Uansett grunn, så viste det seg, etter to veker rein desperasjon og ekstrem baktaling av mine eigne evner, at det var ein gøy jobb. Ein kombinasjon av dårleg vêr (så kvifor ikkje berre jobbe?) og kollegaer som er like fnisete som meg, gjorde årets sumarjobb til ein suksess. Blome fekk eg òg, som takk for innsatsen under opningsveka. Den er no trygt plassert på Askøy hjå foreldra til Per Inge.

No ventar ei veke med UL. Det blir godt. Andeleg påfyll, brødre og søstre i trua og gjensyn med gode vener. Eg er beinklar. Etter UL har eg ei veke til disposisjon før skulen byrjar att, og som mange sikkert har fått med seg, så skal eg og Ragnhild Sofie ut og reise, vi veit berre ikkje kvar. Eg har pakka pass og bikini, så vi satsar på noko i den dur. Det blir spanande å sjå kva som dukkar opp på restplass.no.

Så no ligg i grunn alt til rette for at eg skal få ein god avslutning av sumarferien som har gått aaalt for fort. Alt ser lyst ut, utanom eit stort irritasjonsmoment som eg oppdaga i dag. Førre veke kjøpte eg meg nemleg ny bukse, men etter at eg vaska den, bestemte den seg visst for å utvide seg ca 15 storleikar, og er no som ei stor lefse. Dette er ikkje kjekt når eg faktisk betalte ein god slump for den. Så folkens, kjøp alltid bukse i ein storleik mindre enn du hadde tenkt. Det er nok eit kjent tips for mange allereie, men her er ei påminning frå ein som smerteleg har fått erfare at dette faktisk stemmer.

Eg likar dette med blogg. Eg kan skrive kva eg vil, alt frå innlegg frå hjartet til uniteressante bukseinnlegg. Og ingen kan sei at det er feil eller gje meg ein dårleg karakter på det eller kva som helst. Dette er min del av verdsveven som ingen kan ta frå meg! Eg likar det. Det eg ikkje likar er at eg er så dårleg til å ta bilete, som igjen førar til at eg ikkje får lagt nokon ut her. Men berre vent, det kan godt vere eg skjerpar meg i framtida!

1 kommentar:

Anonym sa...

det jeg var ute etter, takk