
No har eg blitt rive attende til røynda og har igjen beina godt planta bak ferskvaredisken på Safari. Men tida går fort, og no har eg faktisk berre tre dagar att i speidaruniformen. Etter dei dagane ventar ei veke på UL og ei veke med ferie, og så byrjar skulen att!! ÆÆÆÆ!! Ferien susar jammen meg avgarde.
Eg har blitt god på eit par-tre ting etter all jobbinga på Safari. Nummer ein er å sløye fisk. Det gjer eg på ein-to-tre og folk blir så nøgde når eg tilbyr meg å gjere dette. Nummar to er å berekne vekt. Skal kunden ha ein halv kilo reker, så får dei jammen meg det òg. Og helst på første forsøk. Nummer tre er å småete. Det er skummelt kor lett det er å ete dagen lang når det stadig er pannekakar som raknar eller sushipakkar som dett i golvet. Det kjennest ut som om eg har nokre solide økedøgn innimellom. Det får berre vere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar