fredag 25. juni 2010

Dagen før dagen


Ja, i dag er dagen før dagen, for i morgon forlet eg O-town. Det er både trist og spanande. Det er trist å måtte reise frå alle dei flotte folka Oslo har å by på, kanskje spesielt klassen og Manna. Samastudes er eg sikker på at eg har mykje spanande og kjekt i vente i Bergen. Nye folk, ny forsamling, nye vener, ny klasse og nytt miljø. Eg har lurt litt på kvifor i all verda eg orkar å byrje på nytt igjen, og eg har lurt på om det var rett av meg å reise til Bergen, men no kjennest det veldig rett. Framtida ser ljos ut!

Denne siste heile dagen byrja med at eg var ein tur innom HiO for å levere ei bok (som eg aldri åpna), før eg bestemte meg for å feire meg sjølv. Ingen spesiell grunn, men berre vere litt god mot meg sjølv. Så eg tok bussen til Frogner og åt lunch i sola på Bagel & Juice. Sjå illustrasjonsbilete.

Resten av dagen har vore ein lang kamp mot meg sjølv. Eg har nemleg visst heile tida at leiligheta må vaskast, men det er ikkje så lett når sola skin. Så det vart først litt soling, og der fann eg ut at solkrem er ikkje akkurat den raskaste vegen til brunfargen, men det er jo den sikraste, så då er det ingen veg utanom. Deretter sneik eg meg vekk frå vaskinga og gjekk på den siste treninga mi på Elixia. Det var i grunn ganske trist, for der har det jammen vore bra!

Og til alle uroa hjarte der ute: Ja, eg har fått vaska leiligheta. Det var ein kamp, men det er gjort. Leiligheta toler igjen dagens lys. Lukkeleg sit eg no og ser på This is it og beundrar musikk og dans av fantastisk kvalitet. Eg sit her i hoppedressen* min og har det generelt veldig komfortabelt. Det einaste som står att på må-gjere-lista er å lese i bibelen og pusse tenna. Det skulle vere overkommeleg.

Så.. Vestlandet, her kjem eg!

*jumpsuit, eit genialt plagg som er singlet og shorts i eitt.

Ingen kommentarer: