lørdag 26. juni 2010

Elefant på tur

Å reise med siste rest av eit flyttelass er aldri noko eg gler meg til. Det er nemleg alltid meir å ta med seg enn det ein trur, for stadig dukkar det opp smånips i krokar og kre som ein ikkje har rekna med. Det slo ikkje feil denne gongen heller, og motet var ikkje på topp då eg la ut frå leiligheta med to sekkar, ein stor bag og ei veske.

Eg fekk kava meg fram til bussen der eg, som med alt pakket enda opp med storleik elefant, fekk vralta meg inn og fekk meg ein plass. Der byrja ein mann å le av meg, vi kom i prat, og for å gjere ei lang historie kort, vart eg så og sei adoptert i ein stor familie frå Bodø som var turistar i Oslo. Dei hjalp meg litt med beringa, men siste stykket måtte eg klare meg sjølv. Bagen eg hadde på ryggen var ikkje akkurat av beste kvalitet (fekk den frå blodgjevarkontoret), og den gravde seg inn i armhola som førte til at nervar kom i klem og då eg kom fram til toget hadde eg ikkje kjensle i lillefingrane. Men eg kom meg no på toget, heldigvis. Alt for toget!

No har eg kome fram til Knarvik, og her er det slekt på besøk. Det er med andre ord sumarferie. I dag og i morgon skal eg puste godt ut før eg byrjar i opplæring på mandag. Sumaren er i gang, sånn på årntli.

Ingen kommentarer: