tirsdag 22. juni 2010

Frå hjartet


I dag har eg lyst til å skrive litt rett frå hjartet. Eg har lyst til å skrive litt om dette sitatet av Hans Børli:

Dette er det vanskeligste av alt: å være seg sjøl - og synes at det duger.

Ein skulle kanskje ikkje tru det, men dårleg sjølvbilete er ikkje medfødt. Ingen er fødd med eit vaklande eller øydelagt sjølvbilete. Det har blitt utvikla på vegen mot dagen i dag. Kanskje er det nokon som står deg nær som har gjort at du ikkje klarar å vere glad i deg sjølv, kanskje har du blitt mobba på skulen, eller kanskje er det berre livet som har vore litt meir vanskeleg enn ein har godt av. Oftast er det lettaste å rette skulda mot seg sjølv. Kanskje har det med tida vekse fram ein betre versjon av seg sjølv som du ikkje klarar å bli, eller kanskje ei lita røyst som seier at du aldri kjem til å få til noko uansett kor mykje du prøvar.

Vi kjenner alle nokon som er irriterande vellykka, som oppnår alt som kan bli oppnådd på alle område, både når det gjeld familie, skule, arbeid, utsjånad, popularitet. Ein byrjar å lure på kva som er drivkrafta. Kva er det som gjer at den personen aldri seier nei, alltid gir 110% og aldri gjer feil? Dei spring lange turar. Kva spring dei frå? Dei jobbar døgeret rundt. Kva vil dei oppnå? Av denne gruppa er det nok nokre som er velsigna med mykje energi, evner og anlegg. Men bak veldig mange trur eg det står ein person og piskar, ein streng sjef, som oftast dei sjølv. Å ha seg sjølv som sjef i livet kan vere ei signing, men det kan òg vere den strengaste og mest nådelause sjefen ein kan tenkje seg.

Og midt oppi det heile har vi Gud. Vi har ein god og kjærleg Far i Himmelen som berre vil oss det beste, og som har skapt oss heilt perfekt. Av og til er dette godt å høyre, av og til kan ord som at "du er heilt perfekt i Guds auge" bli litt for vanskelege å svelgje. Det kan fort bli til eit krav om at ein må vere glad i seg sjølv sidan Gud er det. Tanken om at ein ikkje ein gong klarar å vere glad i seg sjølv, kan fort gjere at ein berre kjenner seg enno meir mislykka. Eg vil berre dele eit par ting med dykk her. Du har lov til å vere sint på Gud viss du er det, og han krev ikkje at du skal klare å vere frykteleg glad i deg sjølv. Men han vil gjerne hjelpe deg på vegen dit viss du vil det. Det kan vere lett å tenkje på at Gud er som ein som står og dundrar på døra til rommet ditt når du helst vil vere aleine. I grunn trur eg eigentleg at han bankar på ein gong for å vise at han er der, og så går han til dømes og puslar litt rundt på kjøkenet, klar for å høyre på kva du har å seie når du finn ut at du har lyst til å kome ut.

Livet er for mange eit søylediagram med ulike etiketter som til dømes utsjånad, karakterar og popularitet, og for mange blir kvar dag ein kamp om å halde søylene så høge som moglege, for summen av dei utgjer deira verdi. Om kvelden kjem kjensla av å vere mislykka, og neste morgon byrjar ein ny kamp. Med andre ord: Livet handlar fullt og heilt om å gjere, ikkje om å vere. Skal det vere sånn? Ein skulle kanskje tru det, for det er det ein lærer heilt frå ein er liten, både på skulen der karakterar rår og i samfunnet der ein blit verdsett viss ein har noko fornuftig å bidra med.

Eg skal ikkje kome med alle svara, for det kan eg ikkje. Eg kan ikkje vite korleis du har det, kva du tenkjer eller korleis du har det inni deg. Ingen andre kan forstå det enn deg sjølv. Men eg vil oppfordre deg til å finne nokon som kan hjelpe deg til å slutte å kjempe mot deg sjølv. I vår bestemte eg meg for å gjere dette, og det har kosta både pengar, krefter og mange timar intens grubling, men det har vore ei investering for livet.

På kontoret til onkel Gustav er det eit bilete med følgjande sitat: "Du er aldri alene så lenge du har deg selv".

Har du deg sjølv som ven eller som din verste fiende? Kanskje veit du kven du er mot deg sjølv, kanskje veit du ikkje. Eg vil ikkje fortelje deg at du bør tenkje sånn eller sånn og at du tenkjer feil viss du tenkjer sånn eller sånn, men eg vil kome med eit glimt av von. Ein gong kan du faktisk bli glad i deg sjølv. Våg å prøve, våg å feile, våg å tru, våg å vone.

Helsing ei jente som omsider kan stå i midten av seg sjølv og seie: "Dette er meg, og det er nok".