onsdag 19. mai 2010

1-2-3-4-5

No har eg kome meg etter den traumatiske steptimen, og er igjen på plass igjen for å blogge. Det har skjedd mykje i det siste, og det er ofte då det blir minst blogging. Eg har bestemt meg for å velje ut nokre godbitar frå den siste tida.

1. Eg sette fyr på t-skjorta mi på Elixia, og dette på grunn av beinlengdeskilnad. Forstå det den som måtte gjere det. Heldigvis tok den ikkje totalt fyr, så Elixia står enno støtt på Carl Berners plass. T-skjorta mi var diverre ikkje til å redde, men viss eg skulle ein gong kle meg ut som pirat, hadde eg nok glidd rett inn i mengda.

2. Eg har vore i Balestrand. Der feira eg, Per Inge og mange andre flotte folk den store nasjonaldagen vår. Eg fekk gå med bunad og var med dette godt nøgd. Det regna, men kva gjer vel det? Når ein kan ete seg forderva inne i varmen på Kvikne - ingen ting. Eg likar Balestrand og gler meg til eg kan besøkje Per Inge der. For ja, han skal bli idrettslærar der til hausten.

3. Eg har verkeleg byrja å like klassen min. Vi har det kjekt saman! Punktum.

4. Per Inge har fått seg bil. Voldsomt praktisk!

5. Per Inge og eg har vore kulturelle. I dag såg vi på teatersport, og det anbefalast alle som bur i Oslo. Kvar onsdag på Chateau neuf (uttalast sjatto nøff, og det er veldig kjekt å seie). 60 kr. Mykje moro!

Nett no sit eg og finn ny, fengande treningsmusikk. Forslag blir motteken med takk! Ein vakker dag kjem eg til å leggje ut ei speleliste, så følg med, følg med!

2 kommentarer:

KakeKvinnen sa...

Hehe, plutselig så jeg et kjent fjes nedi hjørnet på bloggen min! Jeg har fått en følger!! :) whoho!!
hehe...
Gøy - da må jo jeg bli din! Kommer til å savne deg MASSE, Astrid! Du er et gullfunn!

Astrid sa...

Ja, eg følger deg i tjukt og tynt, kjære Silje! Å.. Du altså :) Eg set pris på alt det gode du har sagt til meg. Manna har gjort året mitt!!