lørdag 22. mai 2010

Du veit du studerar fysioterapi når...

... du går i grilldress på skulen (gjerne matchande overdel og underdel som det står "fysio" på)
... du mesteparten av skuledagen går barfot eller på sokkelesten
... du er van med at luch, det er noko ein et to gongar i løpet av ein ordinær skuledag
... du har vanskar med å hugse kva kroppsdelar heiter på norsk
... du ser på det å ha skriftleg eksamen som luksus
... ein del av skulekvardagen er å studere klassekameratane dine opp og ned i mente, og dei gjerne berre har på seg shorts og bh
... du slepp å sitje på ein klam lesesal, men heller leikar fysioterapeut med klassekameratar
... du øvar til eksamen heile året
... det er uvant at nokon i klassen har pynta seg (ei i klassen hadde ein blome i håret, og eine læraren påpeika at, ja, no var ho klar for fest for ho hadde verkeleg pynta seg)
... du ikkje er heilt sikker på korleis klesstilen til klassekameratane dine er, for du ser dei stort sett berre i uniform
... holmenkollstafetten er den største klassefesten
... så og sei alle i klassen tar solarium
... ein del av skulekvardagen er å ha god, gammaldags gymnastikk (eller kroppsøving som det heiter)
... du eig ei t-skjorte som har trykt på teksten "min medisin er fysiskt aktivitet"
... du sluttar å kommunisere med andre med leiande spørsmål, men stillar heller opne spørsmål som gir den andre rom for å bruke eigne ord (og det er jo i grunn ein god ting)
... du planlegg å skeie ut i helga... med smågodt
... du kan lukte makrell i tomat over alt
... du etter kvart ikkje taklar lukta av formalin og/eller synet av grøne disseksjonskappar
... du lærar og forstår kor viktig fysisk aktivitet er
... du aldri har to skuledagar som er like
... du blir kjent med medstudentane dine på ein heilt unik måte
... du gler deg til å byrje å jobbe

Ingen kommentarer: