torsdag 6. november 2008

DialektKRISE!

Eg har så lyst på dialekt. Det er nesten det same kva dialekt det er, berre det er ei dialekt. Helst sognedialekt. Saka er den at eg kan snakke sognedialekt viss eg vil. Eg kan òg snakke stril viss eg vil det. Sunnmørsdialekt òg til ein viss grad. Men klarar eg å halde meg til berre ein av dei? Neida, eg snakkar alle tre på ein gong, eg. Ein ting som er litt finurleg, er at til dømes når eg snakkar med butikkdama på Sogningen senter, då svarar eg på sognedialekt. Og når bussjåføren spør kvar eg skal, seier eg "ain vaksen ti Saogndal". Men når eg snakkar med folk eg kjenner, då går eg tilbake til grautemålet mitt. Og ja, eg har prøvd å leggje om til skikkeleg dialekt, men eg gløymer det berre. Tenk om eg kunne snakka sånn at folk kunne høyre med ein gong kvar eg er ifrå. Men så er spørsmålet: "kvar er eg frå?". Eg har budd 9 år i Knarvik, snart 10 år i Balestrand og eit år i Oslo. Vi kan eliminere Oslo. Eg kjem ikkje frå Oslo. Når folk spør meg veit eg ikkje kva eg skal svare, så eg byttar litt på kva eg svarar. Dette er forvirrande både for meg og for andre. Problematisk.

Hadde eg berre hatt dialekt...

Kanskje eg skal gjere eit forsøk til på å leggje om. Men så er spørmål? Korleis i all verda legg ein om dialekta si til ein annan? Eg skjønar ikkje korleis ein person frå Finnmark plutseleg kan byrje å snakke austlandsdialekt. Det må jo vere eit mellomledd. Korleis får ein det til å høyre ok ut? Korleis kan eg leggje om frå å sei "ikke" til "ikkje" utan at folk gir meg rare blikk? AAAAAHHHH!!! Frustrasjon. Ok. Eg har 8 måndader att i Sogn. Lat transformasjonen byrje. Men så er jo problemet at etter Sogn skal eg flytte til Oslo, og der kjem ingen til å forstå kva eg seier. Eg får sjå kva eg finn på.. Men det hadde vore kjekt med dialekt, det er ikkje til å stikke under ein stol.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, litt av et dilemma.. kjenner litt på det samme. blir tatt for å være bergenser og sørlending, sygna har påvirka. Og så vet jeg ikke om jeg er fra Danmark kanskje...

Anonym sa...

Hehe.. Du har nok et dilemma der da =) Jeg vil ha en annen dialekt jeg da :P Jeg er lei av å ha bokmåls dialekt.. Jeg liker Kristiansands dialekta jeg da.. Kanskje jeg skal prøve meg på den! HAha.. Så kan vi jo øve sammen! :D

Anonym sa...

Hei og hopp, du er topp!
Korleis går med deg? Eg sitter her og leser på eksamen, men det er litt kjekkere å lese blogg:) No hører eg at du er på vei hit om ikke så altfor lenge? Da blir det bursdagsselskap 24.nov hos meg!!! Jeje! Det blir kjempegøy!!! Og ellers satser vi på at du får litt tips til ting en bør unngå å gjøre som forlover i en vielse. Som f.eks å gå med slør.

SMIIIIIIIIIIIIIL fra ei som lika deg!

NB. Eg ser behovet for å føre den utrydningstrua Bjørkedialekta videre:)

Martha Berit sa...

Så utruli fin du va på det nye bildet du putta inn på bloggen din! Håpe alt står bra til:) Gler meg masse til gjensyn når du kjem til bergen!:)

Per Inge Belt sa...

d syns e me...men med d objektet der (sorry at e kalle d et objekt) so blir jo d fint uansett syns no e...herlig solnedgang over seimsfjorden..kjipt for me som he d bilde i størrelse 13x18...takk elkjøp...

Ze Brosowic sa...

Hmm, dette med dialekt er berre merkeleg.

Eg har jo ikkje noko innbarka dialekt eg heller, i alle fall ikkje etter fem år på internat (viss ein rekne militæret som internat).

Av og til så får eg ein slik "ut i vår hage-oppleving". Eg mister dialektmelodien. Det kan ta opptil ein dag til eg får den igjen, og eg må verkeleg anstrenge meg.

Om det er mamma som har gløymt å betale dialektskatt skal vere usagt..

Arnhild sa...

Jeg synes du har en SØT dialekt!

Alt bra i sygnavegen 1?

Anonym sa...

Nå trenger du en oppdatering eller? =)