onsdag 29. oktober 2008

Pelikan

Eg har mista stemma, så eg høyres ut som ein pelikan når eg snakkar. Eller. Eg har blitt litt betre no, men eg høyrdes i alle fall ut som ein pelikan.



Det knasar i nasen til Per Inge. Han fekk seg ein trøkk då han spelte fotball. I tåa òg. Men den var berre forstua.



Han var her forresten i helga og hjalp til på haustfesten med sin gode venn, gitaren sin. Kunne ikkje klart det utan nokon av dei! Takk. Eg er glad i han.



I dag er det korøving! Koret sang fantastisk på haustfesten. Var kjempestolt! Og lurar du på kva koret heiter? Jo. Balestrand ungdomskor - Immanuel. Flinke folk!

I dag har eg fått meg ny vaskemaskin. Endeleg kan eg få has på fjellet av skittentøy. Og det er høgt, det er sikkert og visst. Fantastisk å sleppe å gå bort til internatet for å vaske. Snille vaktmeistrar er det her på Sygna!

Eg har byrja med køyretimar. Det er litt skummelt, men kjekt. Eg har mareritt om at eg kræsjar, men eg har ikkje gjort det til no i det verkelege livet. La det forbli sånn.




Elles lurar eg på kva eg skal gje til folk til jul.

Og så saknar eg Per Inge. Men det er no gamalt nytt...:)

3 kommentarer:

Per Inge Belt sa...

hei pelikanen min...

herli innlegg astrid...digg bilde både av gitaren min og me sjøl..hehe..men du? du e minst like digg..hehe...og du? kom til oslo snart da...savne d veit du...

Karen Marit sa...

sku likt å hørt d no!:)
pelikanen astrid:)
no fikk e et fint bilde i hode:)
du e fin!

Stine Elise sa...

Har du det bra utanom det? Syns det er vell lenge sidan forrige gong vi snakka ilag.

Skal du heim snart forresten? Eg reiser ein liten tur til helgen, og har tidleg juleferie :)

God betring med halsen!