Ja, eg skal skrive om Spaniaturen, men først må eg berre få sagt ein ting som er ganske komisk. Eg, Astrid Rydland Bjørke, er 19 år, ferdig med vidaregåande skule, ferdig med bibelskule, skal snart bli miljøarbeidar, og sist men ikkje minst: Eg har fortsatt blink! Hugsar du blink? På vgs var dette det heilt store, nesten som å ha facebook. Alle hadde liksom blink. Der kunne ein gjere koselege ting som å setje vener i båsar som "bestevenn, flørtevenn,
ex, dansepartner" osb. Ein kunne leggje ut bilete og ymse andre snedige saker. Kva skjedde med blink? Det var jo så bra? Jo. Blinkstyret dreit seg totalt ut og laga ny layout, og då var løpet køyrt. No er det nesten ingen som har blink lenger, men det hadde visst eg. Fann det ut i dag, og det var nesten ein litt nostaligsk oppleving. Gamle bilete, gamle omtalar om vener osb.
Mitt spørsmål er: Har DU blink?
2 kommentarer:
ehe -
ja!
e hadd blink fær! oj den må e prøv å kom innpå igjen:) helt glømt tå e:)
Legg inn en kommentar