søndag 11. november 2007

Årets beste julegåvetips!

No byrjar det å bli kaldt i Oslo. Mørkt er det òg. Det likar eg. I går måtte eg ta på meg skjerf og vottar, og det var i grunn ganske godt.

Livet går sin gode gang her på Haugen, utan dei store krumspring og byks, til dømes på grunn av at eg enno trakkar rundt med ei svær skinne på beinet. Den kan eg forresten ta av på fredag, og det gler eg meg til. Eg legg ut eit bilete av meg med skinna, berre sånn at de kan sjå at det ikkje akkurat er noko diskrè eg går rundt med på beinet.

I dag hadde eg tenkt å gå ein lang søndagstur i Nordmarka, men så kom eg plutseleg på at eg har skinna på, og det er utruleg upraktisk å gå på tur med ei skinne som må strammast om lag kvart 15 sekund. Men det skal eigentleg ikkje klagast. Eg er glad for at det finst ei skinne som kan støtte opp om kneet mitt.

No må julehandelen snart gå av stabelen, og eg slit som vanleg med å finne ut kva eg skal kjøpe til foreldre og søsken.

Kanskje eit par sånne?


Eller denne vakre juleduken?


Kanskje eit splittert nytte utedo?


Denne boka bør slå an:


Ein sånn er alltid grei å ha:


Ei helleristning er alltid ein klassikar:


Kanskje nokon vil bli glad for å få skinna mi?


Sigbjørn vil nok bli overlykkeleg for ein splitter ny fotballstadion:


Fristar ein dag med Sandra og klovnen?


Kven kan motstå denne spreke sofaen?


LEDERHOSEN!!


Personleg trenar?





Eller har du kanskje betre forslag?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Det var gode forslag, eg trur eg skal kjøpa eit splitter nytt utedo eg! Vet du hvor mye de koster?

Martha Berit sa...

Åjåjåj, e trur nesten e slepp å bry me me å tenke ut ka e ska kjøpe til folk til jul. Du he jo heile opplegget på plass;) E likte godt den sprakandes sofaen!

kari! sa...

jeg lo HØYT av "personlig trener"-bildet. NYDelig!

Vigdis & Randi sin blogg:) sa...

Mange gode forslag:)Kan rett å slett bare bruke lista di som handleliste:)

Astrid sa...

Ja, her ligg handlelista klar :) Trur personleg trenar og helleristning er årets hit. Sats på det! Lykke til med julegåvehandlinga :)