onsdag 17. oktober 2007

Mitt liv(?)

Eg har mange uvanar, det er sikkert. Ein av dei er at eg ligg og bekymrar meg før eg skal sove, og det resulterar då som oftast i at eg ikkje får sove. Deretter byrjar eg å bekymre meg for at eg ikkje får sove, at eg ikkje får nok svevn, at eg kjem til å vere trøytt dagen etterpå og at eg kjem til å bli sjuk. Dette er ein vondt sirkel som eg har sirkla rundt i i veldig mange år. I går natt bekymra eg meg for at eg aldri kom til å få ei utdanning. Eg låg lenge og tenkte på dette her, og eg vart berre meir og meir frustrert, så eg fann ut at eg måtte gjere noko konkret for å setje tankane mine på plass. Her er resultatet:

2007-2008 Fjellhaug bibelskule

2008-2009 Musikk årsstudium

2009-2010 Ta opp att fag på Sonans

2010-2016 Norges veterinærhøgskole

Deretter sette eg opp eit skjema over kva karakter eg må ha i kvart fag frå vgs for å kome inn på veterinær, og då eg hadde fått det til å gå opp sovna eg så trygt og så godt.

Eg er visst litt avhengig av å ha planar, kunne sjå framover, ha alt lagt til rette, å ikkje måtte ta nokre spontane val. Det er nok bra å ha planar, men burde ikkje eg som kristen ha Gud med i planen min? Tenk om dette ikkje er hans plan med livet mitt? Kanskje min plan for mitt liv berre burde vere å leve i Guds plan? Han har gitt meg eit ganske bra løfte på dette her, så kanskje eg burde sove trygt på desse orda i staden for ein kommunistisk 10-årsplan:

"Legg din veg i Herrens hand,
lit på han, så skal han gripa inn."

"Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg.
Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg.
Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!"

Takk, Gud :)

3 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Er det ikke kjekt å ha planene litt klare, vel? Forøvrig er musikk årsenhet absolutt anbefalt fra min side, så gled deg til det:-)

kari! sa...

De versene er det ABSOLUTT fineste som er skrevet i bibelen. Håp i tonnevis!

Martha Berit sa...

Sorry, e måtte le litt når e las første del av ditta innlegget her. Du e litt festlig, altså! Men de e fint vi ska sleppe å bekymre oss, sjøl om vi ofte he store tendensa te å gjere det... Tenk at du sto opp av senga da! Hehe:D