torsdag 11. oktober 2007

Eksamen

Men ikkje av den slemme typen. Dagens eksamen er av den snille-slappe-av-alle-hjelpemiddel-er-lov-typen og den handlar om GT, eller gamle testamentet om du vil. Nett no sit eg inntulla i dyna mi med mac-en min på fanget og har særs god tid på å svare på det siste sprøsmålet, så difor unner eg meg å skrive eit blogginnlegg.

Det er fleire ting som er nytt i Oslo, og den første tingen er at det byrjar å bli kaldt. Det likar eg. Eg er av den typen som gler seg til å ta på seg ullstilongs, tjukkesokkar og vintersko. Alle desse tinga ligg klare i klesskapet og eg kan byrje å bruke det når eg vil. Eg er i grunn glad for at bikinisesongen er over, og at det no er lov til å pakke seg inn i 1000 lag med kle. Ja, eg er glad i haust og vinter.

Når eg går ute no, til dømes på Karl Johan, får eg veldig mange blikk frå folk som går forbi meg. Dei ser på meg, men latar som om dei ikkje ser, og det ser i grunn ganske komisk ut. Men eg ser nok ganske komisk ut eg òg her eg haltar rundt med ei stor svart skinne på venstre bein. No klarar eg å bøye kneet litt, så det går framover, men det er forstatt ganske stivt og øydelagt i mitt stakkars knitt (som det heiter på sognamaol). Det er veldig mange folk som går rundt og tykkjer synd på meg, men i grunn så ser eg ikkje dei store problema ved å ha eit leddband mindre. Eg kan vere lat, eg kan få andre folk til å hente ting til meg, eg har ei unnskyldning for å dukke opp i første time i pysjbukse (det tar lang tid å kle på seg med skinne) osv osv. Så folkens; ryk ei leddband :)

No nermar det seg haustferie, og eg ser fram til å kome tilbake til Vestlandet der eg føler meg lit meir heime enn her i den flate austen. I ferien skal eg heilt sikkert bruke mykje tid på å forklare folk kvifor eg går rundt med ei skinne på beinet, jobbe ein dag eller to på kontoret, ete kebab, spele guitar hero og slappe godt av. Eg gler meg!

2 kommentarer:

Karen Marit sa...

ååh guitar hero!!
du å du:)
e har egentle ikkje nå fornufti å kommenter...men e væt berre sjøl at d e så kosle å kom inn på bloggen sin å sjå at nåinnj ha lagt igjen en kommentar:)
du er go!

kari! sa...

aaa, deilig å skade noe, ja! Jeg er så enig. Særlig hvor behjelpelige folk blir. Ubetalelig;)

Gleder meg til du kommer i neste-neste uke. Da skal vi kose oss!