fredag 31. august 2007

Åslåo







Eg føler av og til at eg ikkje treng å skrive nokon ting på bloggen min fordi folk allereie veit kva eg driv med om dagane. Dette stemmer altså ikkje. Korleis kan folk vite kva eg driv med sånn ut av ingen ting? Nei, sei meg det. Men no skal eg seie deg noko. Noko om livet mitt på Fjellhaug.

Undervisninga er heilt topp. Lærarane er engasjerte, kunnskapsrike og flinke til å formidle. Eg har lært mykje allereie, og meir kunnskap skal spikrast fast. Musikkfaga er òg heilt topp. Klassen min er liten (2 gutar og 5 jenter), men eg trivst godt i den og det er veldig bra folk eg går saman med. Vi har allereie hatt kor, samspel, høyrelære osb. og eg har lært mykje.

Utanom skulen er eg forsangar i misjonssalen tredje kvar helg, og neste veke skal eg byrje å vere leksehjelp på eit nærmiljøsenter. Der kjem det barn/ungdommar som har sett av timar til å gjere lekser, og det er kjempeflott! Eg gler meg til å byrje der.

Elles går dagane med til så mangt. Ingen dagar er like, og det er alltid eit eller anna å finne på. Vi er jo faktisk i Oslo! GuitarHero, kebabshopping, turar, frisbee, speling, jamming, synging, turar til ikea, soling på Aker Brygge osb osb.

I morgon skal ein stor gjeng frå bibelskulen til Tusenfryd. Det blir så gøy, det!! Endeleg helg, folkens, og det er taco til middag! Kan det bli betre? Ja, det kan det! Javel, kor tid kan det bli betre? Når Sigbjørn kjem til Oslo vel!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det gleder mitt hjerte at du skal til Tusenfryd! :)

Siggy sa...

Herlig med updates! like kjekt aa sjaa kvar gong! gler meg te aa helse paa, schnuppa! LOVE

Anonym sa...

Kongi dåo!
(tenkte berre eg skulle sei nokre velvalgte ord)